Hopp til innhold

Hoksrud krev miljøsvar

PORSGRUNN (NRK): Telemarksbenken på Stortinget vil ha svar frå klima- og miljøministeren om han vil velje folk i Brevik eller kostnadene til næringslivet når spørsmålet om eit nasjonalt deponi for farleg avfall skal avgjerast.

Bård Hoksrud

DEPONI FOR FARLEG AVFALL: Bård Hoksrud med brevet til statsråd Vidar Helgesen som heile Telemarksbenken har signert.

Foto: Johs Apold / NRK

I eit skriftleg spørsmål til klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) spør ein samla telemarksbenk om det er ønska lokalt eller kostnadene til næringslivet som vil ha størst betydning når departementet skal velje mellom Brevik og Nesset i Møre og Romsdal.

Redegjørelse for forvaltning av ulv på Stortinget

MÅ SVARE: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen må svare på spørsmål frå Telemarksbenken.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Spørsmålet er ført i pennen av Bård Hoksrud frå Framstegspartiet, men er også underskrive av Terje Lien Aasland, Lene Vågslid og Christian B. Tynning frå Arbeidarpartiet og Solveig S. Abrahamsen frå Høgre og Geir Jørgen Bekkevold frå Kristeleg Folkeparti.

– Vi håpar statsråden har forståing for at vi som folkevalde frå Telemark opplever det krevjande at det i denne saka er stor lokalpolitisk motstand mot etablering av giftavfallsdeponi i Brevik i Porsgrunn kommune, skriv stortingspolitikarane frå Telemark.

Nesset kommune vil ha deponi

Dei viser til at det er mange menneske som bur i Brevik og på Stathelle som er svært uroa for ei mogleg etablering av eit deponi for farleg avfall i gruvene i Brevik. Eit stort politisk fleirtal i Porsgrunn og Bamble er sterkt imot planane om å etablere eit slikt deponi i Porsgrunn kommune.

– Vi er kjent med at Nesset kommune i Møre og Romsdal ønskjer å få på plass eit slikt deponi i sin kommune, og peikar på at dei alt har og ønskjer å utvikle vidare sitt miljø innanfor dette området.

– Nesset kommune formidlar at det er tverrpolitisk semje om at ein ønskjer etablering av deponi i kommunen, og at dei har kunnskap og kompetanse for å bygge eit slikt anlegg. Vi er kjent med at Nesset kommune har vore i departementet for å legge fram sitt konsept og forslag til løysingar.

Folk eller næringslivet avgjerande?

Dei seks representantane på Telemarksbenken ber klima- og miljøminister Vidar Helgesen gjere greie for kvifor han vil greie ut begge dei føreslådde alternative plasseringane for det nye giftavfallsdeponiet som må etablerast etter at Holmestrand må bli erstatta.

Helgesen blir også beden om å svare på kvifor han berre vel å gå vidare med berre to av dei fire forslaga til alternativ.

– Dersom begge alternativa viser seg å vere både fagleg og teknisk gjennomførbare, men kostnadene ved å levere på den eine staden er noko høgare enn den andre. Kva vil då statsråden legge vekt på?

– Er det ønska lokalt eller kostnadene næringslivet får som vil vere få størst betydning?

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark