NRK Meny
Normal

– Fryktar milliardinvesteringar kan gå tapt

Industrien i Grenland fryktar milliardinvesteringar kan gå tapt om ikkje landbasert industri får ei statleg lånegarantiordning.

Ineos i Bamble

Ineos i Bamble har investeringsplanar for fleire milliardar, men har vanskar med å få låne så mykje pengar i banken etter finanskrisa.

Foto: Roald Marker / NRK

Den landbaserte industrien i Grenland vil ha ei lånegarantiordning på lik linje med det som i dag eksisterer for skipsindustrien og delar av olje og gass industrien.

Styreleiar i NHO Telemark og direktør i Herøya Industripark, Thor Oscar Bolstad, er utolmodig etter å få på plass ein statleg lånegaranti.

– Eigarane er utolmodige. Dei sit ikkje i årevis og ventar på ei slik ordning. Då har dei andre alternativ, og det er det viktig at regjeringa og næringsdepartementet forstår. Skal det bli ei løysing for landbasert industri må det bli jobba kjapt, seier Bolstad.

Les også: Imponert over industrien i Grenland

Vanskeleg å låne i banken

Thor Oscar Bolstad, Herøya Industripark

Bolstad fryktar milliardinvesteringar kan gå tapt

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ineos i Bamble har planar om å investere om lag åtte milliardar i nye anlegg.

Direktør ved Ineos, Magnar Bakke fortel at etterspurnaden er stigande, og at Ineos vurderer å utvide kapasiteten.

Men Ineos har problem med å få låne så mykje pengar i banken i etterkant av finanskrisa.

– Finansiering av landbasert industri etter finanskrisa har vist seg å vere vanskeleg, seier Bakke.

Kan miste store investeringar

Og på Herøya Industripark har magnesiumproduksjonen ved Silmag behov for om lag 4 milliardar kroner for å kome i gang.

Les også: – Vi har aldri vært så nær som nå

– Eg vil tru dette prosjektet vil vere ein kandidat for å kome inn under ei slik lånegarantiordning og hjelpe til med finansieringa, seier Bolstad.

Monica Mæland, næringsminister

Næringsministeren lyttar til argumenta frå den landbaserte industrien i Grenland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Dersom garantiordninga for lån ikkje kjem raskt på plass fryktar Bolstad at store investeringar kan gå tapt.

– Viss det ikkje kjem på plass ei lånegarantiordning for landbasert industri, så kan det vere årsaka til at det ikkje kjem store investeringar i vår region, seier Bolstad.

Næringsministeren lova tilbakemelding

Næringsminister Monica Mæland vil sjå på om det er mogleg å få til ei slik lånegarantiordning som gjeld i andre land.

Næringsministeren besøkte Ineos og Herøya Industripark tysdag, og lovar å kome med tilbakemelding.

– Eg har lova å kome med ei tilbakemelding om det er mogleg å få til ordningar som dei har i andre land, og som ligg innafor det statsstøtteregimet som gjeld, seier Mæland.