Hopp til innhold

Foreldre vil ha Montessoriskole i Lårdal

Foreldre i Lårdal vil erstatte den nedlagde skolen med privatskole. Ein Montessoriskole vil svekke den offentlege grunnskolen, meiner ordføraren.

Lårdal skule

Foreldra i Lårdal ønskjer å føre vidare dei gode erfaringane med ein nærskole i bygda og vil starte privatskole.

Foto: Johs Apold / NRK

Foreldre i Lårdal søker nå styresmaktene om løyve til å etablere ein Montessoriskole som erstatning for skolen Tokke kommunestyre har vedtatt å legge ned.

Les også: Truga skule fyld med kjærleik

Målet er å opne ein privatskole i de gamle lokala etter Lårdal skole hausten 2015.

Joachim Skogsrød

Joachim Skogsrød er ein av foreldra i Lårdal som vil starte privatskole.

Foto: Johs Apold / NRK

Ein av initiativtakarane, Joachim Skogsrød, meiner det er viktig med ein nærskole. Han fortel at foreldra i Lårdal trur veldig på ideen med ein lokalt forankra grendeskole, og har veldig god erfaring med det så langt.

– Det ønskjer vi å føre vidare, fordi ein av dei gode tinga ved å bu i ei bygd er å ha ein nærskole du har god kontakt med og sjanse til å følgje opp elevane og sjå etter at alle ting er som dei skal vere, seier Skogsrød.

Les også: Tre skoler legges ned i Tokke

Svekker kommunebudsjettet

Ein privatskule vil svekke den offentlege skolen i Tokke kommune. Det seier ordførarar Hilde Alice Vågslid.

– Det betyr det nok. Vi kjem ikkje til å få ei like stor innsparing på budsjettet då. For det er jo slik at pengane frå staten følgjer eleven, og då blir det ein realitet at det svekker budsjettet for kommunen, seier Vågslid.

– Kva tenkjer du om det?

– Eg synest ikkje det er noko positivt at det kjem ein privatskole. Dessutan er det så få elevar i kommunen at eg hadde håpa dei kunne gå i lag på dei skulane kommunestyret har bestemt vi skal ha, seier Vågslid.

Les også: Småbarnsforeldre flytter dersom skolen legges ned

Kan ikkje ta ansvar for det

Hilde Alice Vågslid

Ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid.

Foto: Johs Apold / NRK

Joachim Skogsrød seier at Lårdal har mista sin skule, og kan ikkje ta ansvar for den offentlege skulen i andre deler av kommunen.

– No er det no ein gong slik at det er kommunen si plikt å sørge for at den offentlege skolen held ein tilfredsstillande standard, og ordføraren må vere klar over at det framleis vil vere hennar ansvar uansett om det blir privatskole i Lårdal eller ikkje, seier Skogsrød.

Han har ikkje noko dårleg samvit for den offentlege skolen i nabobygda, viss det blir starta privatskole i Lårdal.

– Det kan ikkje vi ta ansvar for. Det må vere leiinga i kommunen sitt ansvar å sørge for at den offentlege skolen er like god som den er i dag, seier Skogsrød.

Les også: Tok til tårene da skolen ble lagt ned

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark