SE OGSÅ: |
ALT OM: |
For litt over ti år sidan lova politikarane at det skulle bli reine fjordar Grenland, og at folk igjen kunne spise fisk fanga i Frierfjorden.
Gunnar Jordfald var direktør i SFT på 90-talet.
Men slik har det ikkje gått. Ein ny rapport frå Statens Forureiningstilsyn slår fast at fjordane ikkje er blitt særleg reinare.
Gunnar Jordfald var direktør i SFT frå 1990 til 1992 Han seier at dei var klar over at det ville ta lang tid også på 90-talet. Men dei hadde håpa på ein gradvis reduksjon.
- No verkar det som det har stoppa heilt opp. Vi også må hugsa på at ein ikkje hadde erfaring med korleis dioksiner blir redusert i naturen, eller korleis naturen restituerer seg sjølv etter så stor miljøutslepp som det er blitt gjort i Frierfjorden, seier Jordfald.
Optimisme for ti år sidan
Men det var optimisme på slutten av 80-talet når det galt å rydde opp i gamle miljøsynder. Dåverande miljøvernminister Sissel Rønbeck besøkte Grenland med miljøorganisasjonane på slep.
No slår ein ny rapport som SFT har laga at Grenlandsfjordane ikkje har blitt så reine som det politikarane har lova. Det går framover, men det går for sakte. Og det er gamle miljøsynder som er hovudårsaka til at Grenlandsfjordane framleis er svært forureina.
Fredric Hauge var den første som gjorde folk merksame på kva som skjulte seg av giftige dioksiner og kvikksølv under vassflata.
Fredric Hauge er leiar i Bellona.
- Rapporten viser at SFT og næringslivet ikkje har gjort jobben sin. Sissel Rønbeck var med oss i båt på fjorden i 1989 og lova at folk i Grenland kunne ete fisk fra fjorden igjen i år 2000. Det har ikkje skjedd, seier han.
Fredric Hauge meiner det også er rett å sjå på særavgifta som industrien i Grenland betaler for den luftovervakinga SFT gjer. Han meiner industrien har fått til eit betring av luftkvaliteten, men det må ikkje blandast saman med det som er på botnen av Grenlandsfjordane.
- Vi veit kva som ligg der, og vi veit kva skade det gjer. Det kan ikkje ligge der, og no må vi rydde, seier Hauge.
Vil koste milliardar
Og Bellona meiner det vil koste fleire milliardar kroner å rydde i gamle miljøsynder for at Grenlandsfjordane skal bli reine. Han meiner næringslivet og folk i Grenland må gå saman om få på plass ei ny miljøpakke for Grenland.
- Vi må få på plass ein plan dei neste tre åra som tek sikte på å fjerne dei mest giftige stoffa og dekke til dei mindre giftige stoffa. Politikarane har lova folk i Grenland ein rein fjord, difor må vi gå saman om å presse Stortinget til å løyve ei ny miljøpakke for Grenland, seier Hauge.