NRK Meny

Vil ha møte om gamal jernbanelinje

Eidanger Skogeierlag etterlyser planar for kva som skal skje med den gamle jernbanetraseen mellom Larvik og Porsgrunn. Skogeigarlaget meiner at ei tilbakeføring, eller ein eventuell etterbruk, må avklarast med kvar enkelt grunneigar. Nå ber dei om eit møte der grunneigarane kan bli orientert om kva som vil skje med den gamle jernbanen.