NRK Meny
Normal

Vil ha meldeplikt for tiggarar

Rådmann i Porsgrunn Per Wold har lagt fram eit forslag om å innføre meldeplikt for tiggarar.

Per Vold, rådmann i Porsgrunn

Per Vold er rådmann i Porsgrunn.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Forslaget kjem etter at politirådet i Porsgrunn har behandla saka. Også politikarane i Skien skal behandle forslaget om meldeplikt for tiggerar.

Ifølgje ei analyse frå politiet har halvparten av tiggarane i området vore involvert i kriminalitet

Mange meiningar

Per Vold

Per Vold, rådmann i Porsgrunn

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Med meldeplikt vil politiet ha betre kontroll over kva for personar som kjem for å tigge, skriv TA.

– Dette har vore ei sak gjennom fleire år. Og både handelstanden og folk i gata har ei meining om dette, seier Per Vold til NRK.

Han meiner det er opp til augo som ser om dette er eit problem.

– Men det har blitt ein vanlegare del av kvardagen i byen enn det har vore før, seier Vold.

- Korleis vil dette fungere i praksis?

– Dei som ønskjer å få tak i pengar på denne måten må melde seg for politiet med oppmøte på politistasjonen, seier Vold.

Ærlege skal få tigge

På den måten trur Vold det kan det bli mogleg å få sila ut dei som verkeleg har behov for pengar, og dei som driv kriminell aktivitet.

– Det er ikkje meininga at det skal vere vanskeleg for ærlege folk å få lov til å tigge, seier Vold.

Det kan også vere andre grunnar til at politiet ønskjer å ha oversiktig over kven det er som livnærer seg med å tigge på gata. Særleg i perioder med streng kulde er det mange som er bekymra for tiggarane.

– Det blir opp til politiet å kontrollere om tiggarane har fått lov til å tigge, seier Vold.

(artikkelen held fram under bilete)

Tigger

Politiet vil sile ut kriminelle ved å innføre meldeplikt for tiggarar. (illustrasjonsfoto)

Foto: Per Foss / NRK

Tilpassing av vedtektene

Rådmannen seier at det blir dei same reglane som alle andre som vil drive med gatesal eller andre former næring på offentlege gater eller torg må ha av politiet.

– Slik er politivedtektene, så dette blir ei tilpassing av vedtektene til også å gjelde for tiggarar, seier Vold.

Vold seier at det alt er mange kommunar som har tatt dette inn i politivedtektene.

  • Glatte veger

    I Agderfylkene og Telemark er det nå stedvis glatt på vegene som følge av underkjølt regn, ifølge Statens vegvesen. Spesielt i indre strøk og de mindre vegene er det vanskelige kjøreforhold. Mannskaper er ute og salter og strør.