NRK Meny
Normal

Sp vil ha krav om å ta inn lærlingar

Senterpartiet vil ha ei lovendring for å få fleire læringar til store anleggsprosjekt som tunnelen på E134 mellom Århus og Gvammen.

Århus-Gvammen
Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen har ikkje stilt krav om å ta inn lærlingar til entreprenørselskapet som vann anbodskonkurransen om å bygge Mælefjelltunnelen for over ein milliard kroner.

Statens vegvesen har heller valt å gje pengar til dei som tar inn lærlingar, i staden for å bruke pisken og krevje det. Prosjektleiar Trude Holter i vegvesenet seier det er opp til entreprenøren om dei vil ta inn lærlingar.

Les også:

Entreprenørforeininga for Buskerud, Telemark og Vestfold meiner det er innlysande å stille krav til entreprenøren om å ta inn lærlingar til eit så stort prosjekt.

Er overraska

Beate Marie Dahl Eide, Sp

Beate Marie Dahl Eide.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Senterpartiet sin representant i hovudutval for kompetanse i fylkeskommunen, Beate Marie Dahl Eide, krev no ei lovendring for at entreprenørar skal bli pålagt å ta inn læringar.

– Det er skuffande og overraskande at staten ikkje legg inn krav om å ta inn lærlingar med dei bedriftene som får milliardkontraktar, seier Dahl Eide.

Ho viser til at kommunane i Telemark og fylkeskommunen jobbar hardt for at bedriftene skal ta inn nye lærlingar.

– Dette er ein viktig del av fagopplæringa til ungdomane som tek fagopplæring, og det er ei prioritert oppgåve for oss, seier Dahl Eide.

Statens vegvesen gir ekstra pengar til bedrifter som tar inn læringar, men Dahl Eide meiner staten må kome med sterkare signal når dei inngår kontraktar.

– Det gjer vi i fylkeskommunen, og eg meiner det bør vere eit absolutt krav for dei staten handlar med, seier Dahl Eide.

Burde har rydda opp sjølv

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud, synest det er rart at ikkje Senterpartiet har gjort noko med dette når dei har hatt samferdslestatsråden i åtte år.

– Det burde dei i så fall ha rydda opp i for lenge sidan, seier Hoksrud.

Han viser til at det er ei ordning der entreprenørane får ekstra betalt for å ta inn lærlingar, og at Statens vegstellet vil bruke positive verkemiddel.

Hoksrud vil ikkje innføre noko pålegg om å ta inn lærlingar enno. Han fortel at han har hatt samtaler med Vegdirektoratet om situasjonen, og ventar på tilbakemelding frå regionane.

– Vi jobbar får å få gode tilbod til lærlingar, og det bør entreprenørbransjen også vere opptatt av, seier Hoksrud.

Han meiner entreprenørbransjen har eit ansvar med å ta kontakt med sine medlemar for å bruke dei positive verkemidla som finst for å ta inn lærlingar.

– Nemleg å ta imot pengar for å ta inn lærlingar, seier Hoksrud.

Ventar på tilbakemelding

Han synest det er rart at entreprenørforeininga for Buskerud, Telemark og Vestfold vil ha eit krav om å ta inn lærlingar.

– Så kanskje bransjen sjølv må ta ein runde med kva dei eigentleg meiner, seier Hoksrud.

Han meiner det har vore semje mellom Statens vegvesen, Vegdirektoratet og entreprenørbransjen om dei positive verkemidla for å ta inn fleire lærlingar.

– Vi skal få ei tilbakemelding om kor mange lærlingar det er i dei forskjellige prosjekta og så får vi sjå kva vi skal gjere med det, seier Hoksrud.

Han seier at regjeringa ikkje er så opptekne av å kome med nye lovforslag og pålegg, men vil heller oppnå resultat med positive verkemiddel.

  • Scoret 32 mål - linkes til Odd

    Tobias Lauritsen i Pors scoret sitt syvende hattrick i 3-0 seieren borte mot Express i dag. Spissen har scoret 32 mål i årets serie og nå linkes ungutten til Odd, skriver PD.

  • Laster Twitter-innhold
  • Kvalifisering for Notodden

    Notodden gjorde jobben borte mot Byåsen med 0–1 seier, men dessverre for Notodden vant Nest-Sotra borte mot Hønefoss. Dermed ble det 2. plass og kvalifiseringsspill om opprykk for Notodden. I den kampen møter de Raufoss, som kom på 2. plass i sin avdeling.

  • Odd 2 tapte stort

    Det ble tennissifre i årets siste kamp i 2. divisjon for Odd 2, da de tapte 6–1 mot Fram Larvik. Dermed endte Odd 2 med 26 poeng i årets 2. divisjon, noe som var nok til å holde seg i divisjonen.