NRK Meny
Normal

Vil ha halve Telemark i ein kommune

Ordføraren i Skien kan gjerne tenkje seg å samle om lag halvparten av kommunane i Telemark i ein stor kommune, som strekkjer seg frå Kragerø i sør til Bø i nord.

Ordføraren i Skien vil ha fortgang på debatten om kommunesamanslåing i nedre Telemark.

Ordførar Hedda Foss Five vil ha fortgang i debatten om kommunesamanslåing.

Stor-Grenland med Vestmar og Midt-Telemark kan få bortimot 140 000 innbyggjarar. Ein kommune med dei fire noverande grenlandskommunane vil ha over 100 000 innbyggjarar, og utløyse store statlege overføringar.

– Vi må ha handa på rattet sjølve, og ikkje bli bestemt for, seier skiensordføraren, som har fått mandat av sitt eige bystyre til å få fortgang i saka.

I dag er det 428 kommunar her i landet, målet frå regjeringa er at det etter denne runden skal bli berre litt over hundre kommunar.

Opnar pengekassa på vidt gap

Regjeringa er særdeles rause for å få til større kommunar. Dei lovar rundt seks milliardar kroner i eingongsstøtte til kommunar som vil slå seg saman, men for å få desse pengane må vedtaka i kommunane vera gjort innan våren 2016.

Dei økonomiske støtteordningane favoriserer kommunar som får over 20 000 innbyggjarar, mens kommunar med under 10 000 innbyggjarar ikkje får reformstøtte.

Førre store og svært upopulære runde med kommunesamanslåing var mellom 1962 og 1967, etter forslag frå den såkalla Schei-komiteen. Før den tid var det nesten 700 norske kommunar.

Større kommunar kan også opne for å fjerne fylkeskommunane slik fleire sentrale politikarar har tatt til orde for.

Ordfører i Nome kommune, Jan Thorsen

Senterpartiets Jan Thorsen er kritisk til storkommune.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Nei, nei og atter nei

Tidlegare Nome-ordførar Jan Thorsen er gruppeleiar for Senterpartiet. Han synest alt for mange lokalpolitikarar flatar ut for sentrale styresmakter i dette spørsmålet.

– Det jo ei oppfatting hjå mange at berre ting blir stort, så blir det bra! Det er ei bakterie som spreiar seg i mange miljø.

Det svekker prosessen at aleine-alternativet ikkje skal vera gangbart framover. Mange kommunar vil vere godt rigga til å møte framtidas oppgåver.

Ordførar i Bamble, Jon Pieter Flølo (Frp), er skeptisk til ein gigantkommune, men har ikkje konkludert for eigen del. Debatten er viktig meiner han også, og legg til at alle gruppeleiarane i Bamble har sagt nei til storkommune tidlegare.

Dei mindre kommunane er redde for å bli fullstendig slukt av dei mest folkerike kommunane viss det skulle bli samanslåing.

Ordførar Hedda Foss Five i Skien og ordførar Øystein Beyer i Porsgrunn

Ordførar Hedda Foss Five i Skien og ordførar Øystein Beyer i Porsgrunn er positive til kommunesamanslåing.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mange positive til storkommune

Ein runde NRK gjorde i Porsgrunn, synte at eit klart fleirtal var positive til kommunesamanslåing. Reaksjonane frå radiolyttarane etter at saka vart sendt på lufta, understrekar det same:

– Heilt greitt med ein grenlandskommune, dersom politikarane i storkommunen tek ny eksamen i økonomistyring.

Kvifor så stor samanslåing? Eit alternativ er at Skien og Porsgrunn kunne bli ein by. Siljan, og andre tettstader finn sine 'vegar'. Eg er ikkje lokalkjend.

– Ønskjer at Siljan og Skien blir slått saman, men den vesle forstaden Porsgrunn ved munningen av Skienselva går det greitt utan. Helsing frå Helge i Telemarks hovudstad.

– Heilt einig med skiensordføraren. Gleder meg til Grenland blir ein stor by.

Les også: