Hopp til innhold

Vil ha givarglede i fødselsdagpresent

Denne helga går TV-aksjonen av stabelen, der ein har som mål å samle inn pengar til Raude kors. Helle Wiik Burud feirar fødselsdag den same helga, men ho ønsker å feire dagen litt annleis i år.

Helle Wiik Burud sin nettstad

OPPRETTA NETTSIDE: Helle Wiik Burud oppretta ein nettstad der du kan gje pengar til Raude Kors sin TV-aksjon.

– Det er betre at dei som ikkje har det så bra får klede og slikt, enn at eg får gåver, seier Helle.

For mange barn og unge er gåver det fyrste ein tenkjer på når ein høyrer ordet fødselsdag. Ved sidan av bollane og brusen er jo nettopp det å rive gåvepapiret i fillebitar, og sjå ned på sin nye eigendel, eit høgdepunkt på ein slik dag.

Når Helle feirar sin fødselsdag i helga, har ho gjeve klar beskjed om at ho ikkje vil ha gåver. Ho oppfordrar i staden venene til å gje pengar til TV-aksjonen 2016.

Helle har også laga si eiga nettside der folk kan gje pengar til Raude Kors. Til no har nettsida samla inn over 3500 kroner, og det kjem stadig inn meir pengar. Om du ønsker å gje ei gåve til denne fødselsdagsinnsamlinga til Helle, kan du trykke her. Pengane som vert samla inn går til Raude Kors.

Helle Wiik Burud

VIL IKKJE HA GÅVER: Helle Wiik Burud har oppretta ei nettside der folk kan gje pengar til Raude Kors sin TV-aksjon.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Flott initiativ

EIi Ducros er dagleg leiar i Telemark Raude kors. Ho er mektig imponert over initiativet til 8-åringen.

– Eg tykkjer det gjev håp for framtida at ei så ung jente startar opp noko slikt som dette, seier Ducros.

At barn i Helle sin alder bryr seg om urettferd i verda, er likevel ikkje Ducros overraska over. For ho trur atnettopp urettferd er noko som barn bryr seg ekstra mykje om.

TV-aksjonen 2016

Søndag 23. oktober skal 100 000 bøsseberarar banke på alle dører i Noreg mellom klokka 16.00 og 18.00. Dette er essensen av Norges største dugnad, nemleg at alle i Noreg skal få besøk av ein bøsseberar og slik at dei skal få høve til å gje.

Pengane som vert samla inn skal redde liv og gje omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare menneska i verda. Nemleg dei sivile som er råka av krig og konflikt. Meir enn to millionar menneske skal få livsviktig hjelp.