NRK Meny

Vil ha breiband i Skien

Årsmøtet i Skien Senterparti meiner det hastar med å gi alle innbyggjarane i kommunen eit godt mobilnett og eit raskt breiband. Ein slik tilgang handlar og om tryggleik for kommunens innbyggjarar ved sjukdom og ulykker. Senterpartiet peikar på Mælum, Kilebygda og Solum der tilbodet må bli betre. Dessutan blir stadig fleire samfunnsoppgåver løysast via nett og telefon.