Hopp til innhold

Grenland eller Nedre Telemark?

Er namnet Grenland feil? Bør det heite Nedre Telemark i staden.

Veipakke

Er namnet Grenland lite attraktivt? Bør det heller heite Nedre Telemark?

Foto: Illustrasjon: Lars Tore Endresen / NRK

Eigedomsmeklar Olav Humlegård i DNB Eiendom vil ha bort namnet Grenland og erstatte det med Nedre Telemark.

Han meiner det vil ta for lang tid å få Grenland til å verke attraktivt, og viser til gamle industrisynder som er vanskelege å vaske bort.

– Eg trur det er ei tøff oppgåve å få Grenland til å framstå som svært attraktivt utanfor vårt område, seier Humlegård.

Den urbane delen

Olav Humlegård

Olav Humlegård er eigedomsmeklar.

Foto: Tom Andersen / NRK

Reiselivssjef i Visit Grenland, Kjetil Østlie, meiner Grenland er ein avgrensa del av Telemark.

– Det er den urbane delen av Telemark, seier Østlie.

Han meiner folke veit kva dei kjem til når dei kjem til Grenland, og at det har vore slik i lang tid.

– Samstundes har Grenland endra seg. Det er bygt flotte hus ved elva, og det er blitt mykje å oppleve med Ælvespeilet og Ibsenhuset, seier Østlie.

Viser til Drammen

Difor heiar han på Grenland som ein destinasjon. Østlie viser til Drammen som sleit med eit dårleg rykte.

– Men dei endra ikkje namn. I staden bygde dei ei ny bru og skapte entusiasme som gjorde folk stolte av byen.

Olav Humlegård trur ikkje Grenland kan bli som Drammen. Han trur ikkje folk på Karl Johan i Oslo veit kor Grenland ligg.

kjetil østli breviksbrua

Kjetil Østlie i Visit Grenland

Foto: Mathias Soleng

– Difor er Nedre Telemark mitt forslag. Her ligg det alt mykje i folk sitt medvit som er lagra i dette namnet, seier Humlegård.

Han viser til at Telemark namnet kjenner folk innafor våre grenser, og i stor grad i utlandet.

Masse å by på

Østlie er eining i at Telemark er eit godt varemerke, men meiner det det blir ei avsporing å innføre Nedre Telemark og marknadsføre noko nytt.

– Vi har alt klart å feste omgrepet Grenland. Og dei som kjem hit blir overraska over at dei fleste fabrikkpipene er borte og dei som er igjen er rensa, seier Østlie.

Og legg at Grenland har ein flott kyst med masse å by på.

– Det kan jo også hende at det blir ei kommunesamanslåing i nær framtid, som gjer Grenland aktuelt som namn, seier Østlie.