NRK Meny

Vil gje innvandrarar jobb

NAV Skien har inngått eit samarbeid med Skien kommune ved helse og velferd og Folkeuniversitetet om å kvalifisere innvandrarar for jobb i helsesektoren. Prosjektet Jobbsjansen skal gi innvandrarar fagbrev som helsefagarbeidarar med mål om framtidig jobb i helsesektoren. 10 arbeidssøkarar får delta i prosjektet som startar tysdag 19. august.