Hopp til innhold

Rjukan sjukehus kan bli friklinikk

Arbeidarpartiet i Tinn vil etablere Norges første friklinikk i lokala til Rjukan sjukehus for å ta unna helsekøane.

Rjukan sykehus

Rjukan sjukehus kan bli gjort om til friklinikk innafor det offentlege helsetilbodet om Tinn Arbeiderparti får gjennomslag i Stortinget.

Foto: Rune Guneriussen

Leiar i Tinn Arbeiderparti, Birger Hovden, seier at partiet har arbeidd med planane i heile sommar i samråd med Telemark Arbeiderparti og partiet sentralt.

Les også: Jobber på spreng for nye helsetilbud

Friklinikken er tenkt knytt opp mot det offentlege helsetilbodet og samhandlingsreforma.

– Målet er å skaffe ny aktivitet i bygningsmassen til Rjukan sjukehus, seier Hovden.

Vellukka i Danmark

Birger Hovden, Ap

Birger Hovden er leiar i Tinn Ap.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tinn Arbeiderparti har henta ideen frå Danmark, der sjukehus som friklinikk er utprøvd i privat regi.

– Det har vore veldig vellukka der, seier Hovden.

Men på Rjukan er tanken å behalde helsekronene i det offentlege systemet, og ikkje starte ein friklinikk i privat regi.

– Vi tenkjer også på innføringa av samhandlingsreforma og det kommunane er blitt pålagt der av akuttplassar. Og då kan kommunar samarbeide om å opprette desse sengeplassane på denne friklinikken, seier Hovden.

Les også: Jobber for å styrke sykehustilbudet på Rjukan

Vil ta unna helsekøen

Birger Hovden ser difor for seg at fleire kommunar i øvre delar av fylket kan vere med på eit samarbeid om friklinikken på Rjukan. Førebels får tanken støtte i Vinje Arbeiderparti.

Han meiner friklinikken vil kunne avlaste og ta unna for helsekøen på fleire forskjellige måtar, blant anna innafor ortopedi.

– Ein friklinikk skal lett kunne omorganisere seg for å kunne handtere helsekøar gjennom ein fast stab og ein stab som blir knytt til klinikken etter behovet for den type pasientar ein skal behandle, meiner Hovden.

Les også: Usikkert om Ap stiller til kommunevalg i Tinn

Må ha støtte i Stortinget

Den viktigaste oppgåva for ein slik friklinikk er å kunne halde oppe akuttberedskapen i den øvre delen av fylket heile døgnet.

– Det er trass alt langt til næraste sjukehus, uansett korleis du snur og vender på det, seier Hovden.

Hovden seier at det blir arbeidd med å få initiativtakaren til den private klinikken i Danmark, som blei oppretta i 2003, til Noreg for å fortelje om erfaringane der.

Men det hastar med å gjennomslag i Stortinget for ideen. Og det er ikkje nok med støtte frå dei raudgrøne partia.

– Skal vi lukkast er det heilt avgjerande å få eit fleirtal i Stortinget. Det vil innebere at regjeringa og støttepartia sluttar om ei mogleg løysing, seier Hovden.

Målet er å finne nye framtidsretta tilbod for Rjukan sjukehus innafor dei rammene som blei sett av Stortinget 17. juni 2014.