NRK Meny
Normal

Vil doble norsk fruktproduksjon

SAUHERAD (NRK): I desse tider blir norske eple rundt om i Noreg plukka ned frå trea og sett ut i butikkhyllene. No vil norske eplebønder auke produksjonen og samtidig tilby norske eple større delar av året.

Epletre på Gvarv

PÅ VEG NED: Eple i Telemark blir hausta i desse dagar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Me produserer berre ti prosent av alle eple som blir ete i Noreg. 90 prosent importerer me, seier Jan Meland i Telefrukt.

Meland leiar prosjektet "frukt i fokus". Målet deira er å doble norsk fruktproduksjon innan 2020. Dei har så langt planlagt å plante over 1000 dekar med eple og andre fruktsortar dei neste tre åra.

I alle fruktdistrikta i landet blir det nå satsa på å auka produksjon av norske søteple. Ambisjonane for Gartnerhallen, som ein landsdekkjande produsentorganisasjon, er å auke produksjonen i alle dei viktige fruktdistrikta: Hardanger, Sogn, Lier, Svelvik, Nordfjord og Telemark.

– Marknadsaktørane Bama og Coop signaliserer at dei vil ha meir eple frå Noreg, seier Meland.

I dag produserast det om lag 3000 tonn eple i Telemark kvart år. 2000 tonn går til friskkonsum og resten blir pressa til juice. Telemark er Noregs nest største fruktfylke og kvart fjerde eple, kvar femte morell og kvar tiande plomme blir produsert i fylket.

Norske eple året rundt hadde jo vore perfekt

Rita Oppheim - Ansvarleg for frukt og grønt ved Meny i Bø
Jan Meland

MEIR FRUKT: Jan Meland leiar eit prosjekt som vil doble fruktproduksjonen i landet dei neste fire åra.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vil finne betre lagring

Jon Hesthaug

VIL UTVIDE: Jon Hesthaug viser fram Discovery-eple på garden i Sauherad.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Den norske eplesesongen er kort og varar frå august til slutten av oktober, eller midten av november viss vêret er bra. Utfordringar for epleprodusentar i dag er vårfrost og hagl i vekstsesongen.

Hos fruktbonde Jon Hesthaug i Sauherad er epla på veg frå trea til butikkhyllene i desse dagar. Også Hesthaug planlegg å utvide.

– Eg skal doble arealet med plommer og eple, seier han.

Fruktbønder i Telemark arbeider også for å finne betre lagringsmetodar for epla, slik at ein skal kunne tilby norske eple i butikkane ein større del av året.

Eple

PÅ REKKE OG RAD: Det er om lag 100 fruktprodusentar i Telemark som leverer frukta si til fellespakkeriet Telefrukt AS.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vil ha norske eple heile året

Rita Opheim er ansvarleg for frukt og grønt ved Meny i Bø. Ho trur butikken hadde selt meir om dei hadde fått fleire norske eple. Ho syns det er ei glede å fylle hyllene med norsk frukt.

Rita Opheim

BEST MED NORSK: Rita Opheim trur norske forbrukarar ynskjer norske eple større delar av året.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I butikkane nå er det eplesortane Vista Bella og Discovery som dominerer, men etter kvart kjem også sortar som Åkerø-eple og Gravenstein.

– Det er nokon som trur at det er norske eple året rundt, men sånn er det jo ikkje. Eg syns dei norske smakar best, seier Opheim.

Vilde Starup, som handlar på butikken i Bø, støttar Opheim.

– Eg vil ha dei som er dyrka i området. Det syns eg er viktig, det er meir sjarmerande å kjøpe det som er dyrka i området, seier ho.

  • Grenland havn utvider området

    Grenland Havn har gjort oppkjøp av Kongshavn Eiendom AS i Langesund. Dette betyr i praksis en utvidelse av Langesund Havneterminal. Kongshavn Eiendom er naboeiendommen sør for Langesund Fergeterminal, melder PD.

  • Bil kjørt ut av veien

    En bil har kjørt ut av veien på E134 ved Flatsjå. En person i bilen. Personen sier til politiet at han ikke er skadd.

    Laster Twitter-innhold
  • 42 nye boliger på Pors

    42 boliger er planlagt på den 13 mål store løkka som ligger inntil Pors Stadion, hjemmebanen til Pors Grenland på Vessia. Selve bebyggelsen blir litt blandet med både to- og firemannsboliger i tillegg til rekkehus, melder Varden.