NRK Meny
  • Vil bygge hotell for kinesarar

    Selskapet Telemarksgata 11 vil byggje hotell med 150 rom i tilknyting til Ibsenhuset i Skien, skriv TA. Selskapet trur det kjem mange ibsen-turistar frå Kina når det nye biblioteket og besøkssenteret står ferdig.

  • Truga med å skyte politiet

    Politiet har arrestert ein mann på Akkerhaugen etter at han truga med å skyte politiet. Ingen er skadde i den væpna politiaksjonen. Politiet har beslaglagt eit våpen i huset der mannen blei arrestert. Mannen i 40-åra sit no arrestert i Skien.

  • Hykkerud spelar ikkje i kveld

    Handballspelar Joakim Hykkerud frå Notodden får ikkje spela kveldens EM-kamp mot Serbia. Hykkerud kom inn på laget da Espen Lie Hansen måtte stå over oppgjeret mot Austerrike på grunn av sjukdom. Nå er Lie Hansen attende i troppen, ifølgje NTB.

    Joakim Hykkerud
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Kripos til Vrådal

    Lensmannen i Kviteseid får i dag hjelp frå Kripos i arbeidet med å finne personane som har drive ein cannabisplantasje i Vrådal. Det var i førre veke politiet fann fleire hundre cannabisplanter i eit tomt industribygg.