NRK Meny
Normal

Vil behandle bypakka før sommarferien

Høgre går inn for å behandle Bypakke Grenland før sommarferien. Og fekk mange gode argument for betre samferdsle.

Solveig Sundbø Abrahamsen og Linda Hofstad Helleland

Stortingsrepresentant for Høgre i Telemark, Solveig Sundbø Abrahamsen og Linda Hofstad Helleland, leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget for Høgre.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ordførarkandidatane for Høgre i Skien, Porsgrunn og Bamble, Jan Terje Olsen, Esben Storvand og Unni Brekka Kiøsterud viste måndag fram ein del av problematikken i Grenland til Høgre sine medlemmer i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

– Eg trur dei har hatt ein fin tur så langt. Ein kom med fly frå Bergen, nokon kom med tog, ein tok siste delen med Bratsbergbanen, seier Sundbø Abrahamsen.

Vil ikkje utsette bypakka

Linda Hofstad Helleland, Høgre

Linda Hofstad Helleland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Målet er blant anna å få ombygginga av riksveg 36 over Fjærekilen ut av Bypakka og inn som ein del av riksvegutbygginga finansiert over statsbudsjettet.

– Vi har sett mange viktige infrastrukturprosjekt som er heilt avgjerande for vidare vekst og nyskaping av arbeidsplassar, seier leiar i samferdslekomiteen på Stortinget, Linda Hofstad Helleland frå Høgre.

Ho legg vekt på at komiteen ønskjer å behandle Bypakke Grenland før sommaren. Og trur også at dei andre kollegaene i transportkomiteen ikkje ønskjer å utsette den til fram mot juletider.

– Fordi det betyr så mykje, så håpar eg vi skal få til det. Slik at det er mogleg å kome i gang med vegprosjektet.

Fekk mange gode argument

Solveig Sundbø Abrahamsen, Høgre

Solveig Sundbø Abrahamsen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Andre tema er Skien Lufthavn Geiteryggen, gassvegen forbi Rafnes, og Porsgrunn som jernbaneknutepunkt i framtida.

Hofstad Helleland seier at det blir ein gjennomgang av alle flyplassane i landet, fordi dei ligg veldig tett.

– Men eg fekk servert veldig mange gode argument for at flyplassen skal bestå av styreleiar for Geiteryggen, Arne Rui.

Helleland Hofstad seier ho også skjønar nokon vel å kalle Lilleelvkrysset i Porsgrunn for eit infarkt i trafikken.