NRK Meny
Normal

Vil at den nye kommunen skal heite Hørte

SAUHERAD (NRK): Sundag 7. mai gjekk fristen ut for å levere namneforslag til den nye kommunen med Bø og Sauherad. Blant forslaga finn ein blant anna Hørte og Nordsjø.

Bø og Sauherad

På ein bensinstasjon på Gvarv har Ståle Kasin frå Gvarv og Leif Arild Kåsa frå Bø svinga innom for å fylle tanken på bilen. Om få år skal dei kome frå same kommune, når Bø og Sauherad slår seg saman til ein stor kommune.

Da kjem bygder som Bø, Gvarv, Akkerhaugen og Hørte til å segle under eit felles kommunevåpen. Men kva skal denne nye kommunen heite?

Kasin og Kåsa har sine favorittar.

– Eg tykkjer den bør heite Bøherad. Da får ein med delar av begge namna inn i det nye, seier Kasin.

– Eg tykkjer det bør vere Hørte, som ligg midt i mellom Bø og Gvarv. Hørte har jo alltid vore ein lukrativ forstad til Bø, seier Kåsa.

Les også: Bø og Sauherad vil slå seg saman

Marte Midttun Lie

Marte Midttun Lie i Sauherad Kommune har teke imot mange namneforslag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Mange forslag

Innbyggarane har levert namneforslag på papir til kommunehuset i dei to kommunane, på webskjema på internett og i e-post direkte til kommunane.

Det er Marte Midttun Lie på kommunehuset på Akkerhaugen som har samla inn forslaga for namnekomiteen. På bordet framfor seg har ho ein bunke med forslag frå 266 personar. Mange har kome med fleire namneforslag.

– Dette betyr mykje for folk og folk har sterke kjensler til kva den nye kommunen skal heite, seier Lie.

Leiar i namnekomiteen, Borgar Kaasa, fortel at komiteen skal legge fram forslag til kommunenamn for dei to kommunane den 16. juni.

– Dette vil hjelpe oss å kome fram til eit namn som er basert på meiningane til folk som bur i kommunen, seier Kaasa.

Borgar Kaasa

Leiar i namnekomiteen, Borgar Kaasa, håpar ein til slutt landar på eit namn som er basert på meiningane til folket.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Kva tenker du om Hørte kommune som forslag?

– Hadde eg budd på Hørte så hadde eg nok klappa for det forslaget, men sjølv tykkjer eg det kanskje vert litt sært, ler Kaasa.

Blant forslaga til nye namn finn me Nordsjø kommune, Midt-Telemark kommune, Bøherad, Hørte, Grenskland, Telemark og Bø og Sauherad kommune

Bø og Sauherad vert ein ny kommune frå 1. januar 2020.

  • Bergbys-restaurant konkurs

    I dag ble det åpnet konkurs i boet til Bergbys Notodden. Av de tre gjenværende Bergbys-restaurantene har den slitt hardest. Det er ingen fare for de to restaurantene i Porsgrunn, sier daglig leder i Svai-Gruppen, Atle Dreyer Isaksen, til Varden.

  • Kvinne stanset av politiet

    En kvinnelig bilfører i 40-årene er stanset av politiet i Sauheradvegen på Notodden. Kvinnen hadde ikke førerkort, og politiet hadde mistanke at hun var påvirket. Hun er tatt med til legevakt for blodprøve og vil bli anmeldt.

  • Fratatt førerkortet etter ulykke

    En mann i 70-årene er fratatt førerkortet og anmeldt for å ikke ha overholdt vikeplikten. Mannen kjørte på rødt lys i Skien, og forårsaket en ulykke. To personer oppsøker legevakten etter ulykken.

  • Trafikkulykke i Skien

    Politiet melder om et trafikkuhell i krysset Hesselberggata/ Lundegata i Skien.

    Laster Twitter-innhold