NRK Meny
Normal

Arvingar føler seg overkjørt av staten

Arvingar av Gaustatoppen vil ta saka til EU domstolen i Luxembourg viss dei ikkje får sin rettmessige arv.

Gaustatoppen

Miljødirektoratet vil overta eit grunnareal på Gaustatoppen som Forsvarsbygg vil selje. Men tre grunneigarar meiner dei har eit tinglyst skjøte som viser at dei har forkjøpsrett til arealet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I desember 2012 blei det kjent at Forsvaret ønsker å selje Gaustatoppen. Turistperla har eit prisforslag på rundt ein million kroner.

Grunnarealet har fått ein takst på 815.000 kroner og fjellanlegget med kabelbanen og ein bygningsmasse på over 5000 kvadratmeter får ein takst på 200.000 kroner. Prisen er sett av ein uavhengig takstmann.

Les òg;

Telemark fylkeskommune vil saman med Hjartdal og Tinn kommune overta fjellanlegget av Forsvarsbygg, viss dei klarar å bli einige med staten om vilkåra for overtakinga.

Har tinglyst skøyte på forkjøpsrett

Svein Olav Barhellestøl

Svein Olav Barhellestøl viser fram eit tinglyst skøyte på Gaustatoppen.

Foto: Privat

Miljødirektoratet har alt meldt si interesse for grunnarealet på toppen. Men tre grunneigarar meiner dei har ein tinglyst forkjøpsrett til denne eigedomen.

– Det er ein veldig høg kampmoral for kunne halde på den soleklare retten vi har til å arve grunnarealet når Forsvaret vil selje, seier Svein Olav Barhellestøl som er ein av tre grunneigarar som gjer krav på Gaustatoppen.

Barhellestøl fortel at hans bestefar selte eigedomen til Forsvaret for 7.500 kroner på 50-talet med ein forkjøpsrett, viss Forsvaret ein dag ville selje seg ut.

Nå vil arvingane til areala på Gaustatoppen ta saka til EU domstolen i Luxembourg viss dei ikkje får sin rettmessig arv.

– Vi kjem til å ta saka inn for EU-domstolen om vi må det. Vi kjem ikkje til å gje oss før siste instans er prøva, seier Barhellestøl.

Eigedomen til Svein Olav Barhellestøl heiter Hovdehavn og går frå botn av Gausdalen og opp til 1680 moh. Den parsellen som blei utskilt av denne eigedomen går frå 1680 og opp til toppen.

– Det er denne delen som blei utskilt på 50-talet eg vil ha tilbake. Kva er poenget med å skrive ei avtale og tinglyse den, viss den ikkje skal gjelde, seier Barhellestøl.

Dei to andre grunneigarane sine eigedomar heiter noko anna.

Tull at Gaustatoppen blir stengt

Barhellestøl viser til at Fylkeskommunen og Tinn kommune argumenterte i starten at dei var redd Gaustatoppen ville bli stengt for ålmenta, om den kom i privat eige.

– Dette er berre tull, seier Barhellestøl.

Han seier allemannsretten vil gjelde uansett om det er staten og Miljøverndepartementet, eller om det er grunneigarane som eig grunnarealet på toppen.

– Får å gå opp til toppen av Gaustatoppen må du gå over eigedomar som vi tre grunneigarane eig i dag. Hadde det vore i vår interesse å stoppe denne trafikken, så kunne vi gjort det nå. Men det er det ikkje, og det vil det heller aldri bli. Det har vi heller ingen rett til om vi hadde lyst til å gjere det.

(Her kan du lese utdrag av skøytet. Artikkelen held fram under)

Skjøte på Gaustatoppen

Denne faksimilen viser eit utdrag av skøytet med forkjøpsrett dersom Forsvaret vil selje eigedomen i framtida.

Foto: Privat

Barhellestøl legg ikkje skjul på at han blir kraftig provosert av den måten saka blir handtert.

– Eg blir rett og slett forbanna for å seie det mildt. Og det trur eg vi er einige om alle tre grunneigarane. Vi føler dette som ei ovanfrå og ned haldning, og at vi blir forsøkt overkøyrd med å bruke den makta som staten har til å spele oss ut over sidelinja, seier Barhellestøl.

Miljødirektoratet vil overta

I eit brev til Tinn kommune fortel Miljødirektoratet kven dei meiner bør eige arealet på Gaustatoppen.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen vil ikkje blande seg inn i striden.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Miljødirektoratet stiller seg framleis positiv til å overta topparealet på Gaustatoppen for å sikre det for framtida som eit statleg friluftsområde for ålmenta.

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen vil ikkje ta stilling til om det tinglyste skøyte arvingane har til grunnarealet på Gaustatoppen er gyldig.

– Det er noko som må avklarast mellom noverande eigar og dei som hevdar å ha rett til grunnarealet, seier Riis-Johansen.

Han meiner dette ikkje er noko som fylkeskommunen bør blande seg inn i.

– Vi ventar på staten, og det den måtte gjere av vurderingar i saka.