Hopp til innhold

Viktigare med straum på hytta

VINJE (NRK): I desse dagar er straum på hytta nærmast ei sjølvfølgje, og nokre kraftleverandørar har allereie fleire hytter enn bustadhus som dei forsyner med straum. Det byr på eigne utfordringar.

Hytte lys

STRAUM PÅ HYTTA: For Terje Thorsen og andre hytteeigarar har det blitt viktig med straum på hytta.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det har jo blitt viktig med straum på hytta dei seinare åra. Tida for vedfyring og oljelamper er nok forbi for mange, seier Terje Thorsen.

Thorsen er sjølv hytteeigar, og har hytte ved Haukeli i Vinje. Han har sjølvsagt straum på hytta, slik at han får skrudd på spotane i taket og sett på fjernsynet om kvelden.

– Det gjer jo hytta mykje meir brukarvennleg, seier Thorsen.

Terje Øvstedal Thorsen

HYTTEEIGAR: Terje Thorsen eig hytte i Vinje

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ein motorveg som sjeldan blir brukt

Hytta til Terje Thorsen får straumen sin levert frå Vest-Telemark Kraftlag. 40 prosent av kundane deira er no hytteeigarar. Det kan til tider vere utfordrande for straumnettet.

Ketil Kvaale

KOME FOR Å BLI: Ketil Kvaale i Vest-Telemark Kraftlag seier det berre er eit spørsmål om tid før det er fleire hytter enn bustadhus dei gjev straum til.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Om ein skal samanlikne det med å byggje vegar, så blir det som å byggje ein motorveg det berre er behov for tre veker i året. Resten av tida er det berre bruk for ein kommunal veg, seier administrerande direktør i Vest-Telemark Kraftlag, Ketil Kvaale.

Han beskriv korleis kraftlaget må tenke når dei skal byggje ut straumnettet i området, for å alltid vere førebudd på den kalde fredagskvelden når folk kjem opp på dei kalde hyttene sine og slår på alt av straum.

– Hytter blir jo dyre å forsyne med straum, sidan dei bruker så mykje kraft på kort tid, seier Kvaale.

Hytte i Vinje

DYRE Å FORSYNE: Sidan hytter brukar så mykje straum over korte periodar blir dei dyrare å forsyne med straum.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Fleire hytter enn bustadhus

Den siste årsmeldinga til den lokale straumleverandøren syner at kraftlaget no har like mange abonnentar, som det er innbyggjarar Vest-Telemark. Det skuldast ein eksplosjon av nye hytter i området.

– Det er jo ikkje slik at kvar einaste innbyggjar i Vest-Telemark har sitt eige abonnement hjå oss, ler Kvaale.

Sjølv om straummønsteret til hyttene gjer det lokale kraftlaget nokre utfordringar med tanke på utbygging av straumnettet, så er ikkje Kvaale i tvil om at hytter blir viktig for dei i framtida.

Det er jo berre eit tidsspørsmål før me har fleire hytter enn bustadhus å forsyne med straum her i området, og det er klart at dei blir viktige for oss om ein da ser økonomisk på det, seier Kvaale.