NRK Meny

Viktig dag for Senterpartiet

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen meiner det kviler eit stort ansvar på delegatane på det ekstraordinære landsmøtet i Senterpartiet i dag. Årsmøtet kjem til å velje Trygve Slagsvold Vedum som nye leiar. Terje Riis-Johansen er leiar i valkomiteen og går inn for omstridde Ola Borten Moe som nestleiar. Telemark Senterparti vil ha Anne Beathe Tvinnereim. Riis-Johansen håpar landsmøtet kan stå samla etter valet av ny leiing for partiet i dag.

Terje Riis-Johansen
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK