NRK Meny
Normal

Skal vaske 8000 bilar på ein dag

I dag skal skoleklasser over heile landet forsøke å sette ein litt spesiell verdsrekord.

Bilvask i Siljan
Foto: MOT

Elevane skal nemleg vaska så mange bilar dei kan gjennom dagen, i eit forsøk på ny verdsrekord i bilvask.

Dette skjer over heile landet og meininga er å vaske så mange bilar som mogleg i løpet av åtte timer.

Verdsrekorden no er på om lag 6300 bilar. Målet er å klare å vaske 8000 bilar i løpet av dagen for heile landet.

Kald og vått jobb

Bilvask i Siljan

Det er gøy å vaske bilar, men kaldt og vått.

Foto: MOT

Ine Sikane og Maren Dahle er elevar i 10. klasse ved Siljan ungdomsskole. Dei har som mål å vaske 78 bilar i Skien på denne tida.

– Vi vaskar og tørkar så mange bilar vi klarer, og nå er vi oppe i 47 eller 48 bilar. Men vi skal halde på til klokka sju fredag kveld.

Sikane meiner dei ligg godt an for å nå målet, men hendene er blitt rimeleg kalde og våte.

– Det har vore veldig gøy. Men vi blei veldig våte av å spyle bilane. Og sjølv om vi hadde på hanskar blei det veldig kaldt, seier Dahle.

Lærar Ann Christin Allum fortel at alle elevane er kledd opp med same type lue for å viser at dei er ein MOT skole.

– Ein del av inntektene for bilvasken går til MOT og det ønskjer vi å bidra til, seier Allum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilvask i Siljan

Elevane i 10. klasse ved Siljan ungdomsskole vaskar og tørkar bilar.

Foto: MOT

MOT arbeider for ungdom

Ho fortel at MOT er ein organisasjon som arbeider for gode oppvekstvilkår for ungdom i veldig mange kommunar i landet.

MOT besøker skolar og informerer om arbeidet sitt på ungdomsskolar.

– Vi jobbar ut frå tre verdimål. Det er mot til å bry seg, mot til å leve og mot til å seie nei, fortel Allum.

Ine og Maren fortel at det viktigaste med denne dagen er å samle inn pengar til MOT.

– Klarar vi målsettinga om å vaske 8000 bilar i dag, så går det faktisk 400.000 kroner til MOT, seier Allum.

Her kan du lese meir om MOT