SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Det er eit år sidan storflaumen i Tinn, men framleis ventar Bjørn Helgerud i Tessungdalen på takst frå Naturskadefondet.
No kan den lange sakshandsamingstida føre til at Helgerud mister retten til skattelette.
Vatnet tok mykje
Det var den 6. mai i fjor at elva gjennom Tessungdalen gjekk over breiddene og innover eigedomen til Bjørn Helgerud. Vatnet øydela ein flaumvoll, ein veg og fleire bygningar.
Det var den 6. mai i fjor at elva gjennom Tessungdalen gjekk over breiddene og innover eigedomen til Bjørn Helgerud. Vatnet øydela ein flaumvoll, ein veg og fleire bygningar.
Bjørn Helgerud ventar på takst og pengar eit år etter flaumen.
Oppgjeret med forsikringselskapet med ansvar for bygningane gjekk greitt. Men tapet av flaumvollen og vegen er Naturskadefondet sitt ansvar. I dag, nesten eit år etter flaumen, har fondet framleis ikkje levert ein takst.
- Vi har jo krav på refusjon, men utan takst får vi ikkje tilbake pengane vi har lagt ut for reparasjonane, seier Bjørn Helgerud.
Ber om orsaking for sommel
Det er Helene Bakka som takserer flaumvollen og vegen, og i dag legg ho seg flat for kritikken.
- Det må eg bare be om orsaking for. No skal vi bli ferdige med saka og i løpeta av eit par veker vil taksten vere ferdig, seier Bakka.
Bjørn Helgerud er glad for å få ein takst. Men problemet er at taksten kjem etter at fristen for å levere sjølvmeldinga går ut.
Dersom taksten var klar før fristen gjekk ut kunne Helgerud trekt frå deler av utgiftene etter flaumen. Det kan han ikkje neste år, for då er skatteregelen endra.