NRK Meny

Ventar på obduksjonsrapport

Alt tyder på at ulykka med kano i Herrefoss i Bøelva er ei tragisk drukningsulykke, seier lensmann i Seljord, Else Krogseth Eilefstjønn. Ein 20 år gamal gut frå Trøndelag som var elev ved Seljord folkehøgskole omkom i ulykka. Politiet har avhøyrt fleire vitne i dag, og skal avhøyre fleire. Men politiet ventar framleis på obduksjonsrapporten.