Dyrskugeneral Geir Helge Espedalen meiner Dyrskuen er den største marknadsplassen her i landet. Og den største og viktigaste landbruk- og maskinutstillinga.
– Nå ventar vi over 90.000 besøkande til helga. Vi har tett opp mot 700 utstillarar, og mange står på venteliste for å få plass på det vel 160 mål store området, seier Espedalen.
Les og:
Mange gjer dugnadsarbeid
Mange lag og organisasjonar jobbar dugnad på Dyrskun for å tene pengar til drifta resten av året. Om lag 1300 personar er i sving med dugnadsarbeid.
– Hadde det ikkje vore for dugnadsånda hadde vi ikkje greidd å gjennomføre Dyrskun, seier Espedalen.
Neste år er det 150 år sidan Dyrskun blei arrangert første gongen.
– Det mangfaldet og folkelivet du får her er heilt unikt. Vi må forvalte den arven på ein god måte, så kan vi ha Dyrsku i nye 150 år, seier Espedalen.
Dyrskun betyr mykje
Kristen Bråthen er butikksjef for Felleskjøpet i Bø har vore fast utstillar på Dyrskun sidan 1963.
– Det blir 52 år. Og neste år er Felleskjøpet 130 år, seier Bråthen.
Dyrskun betyr mykje for Felleskjøpet, fordi det er veldig mange bønder som kjem innom.
Mange på venteliste
Anette Ajer i administrasjonen for Dyrskun fortel om stor pågang, men diverre må dei seie nei til mange som vil vere med på utstillinga.
– Det er eit luksusproblem for oss. Men ikkje like hyggeleg å seie nei til så mange, seier Ajer.
No er det 100 som står på venteliste.
Dei første utstillarane kom i førre veke. Men frå måndag var det full aktivitet på Dyrskuplassen.