NRK Meny

Venstre vraka Løchstøer

Telemark Venstre har vraka partiveteranen Johan Tønnes Løchstøer. På nominasjonsmøtet før valet til fylkestinget tapte Løchstøer kampen om andreplassen mot Lars Solbakken frå Skien. Johan Tønnes Løchstøer er felles gruppeleiar for dei borgarlege partia i fylkestinget, og har representert Venstre i fylket i rundt 25 år.