Hopp til innhold

– Sjokkerande interesse for hytter

PORSGRUNN (NRK): – Eg har aldri opplevd maken, det var rett og slett ei sjokkerande stor interesse, seier meklar.

Eigedomsmeklar Tom Didrik Eriksen
Foto: Anne Lognvik / NRK

Denne hytta låg ute for snautt 3,6 millionar, men blei selt for nesten ein million meir.

– Det draus inn med spørsmål, og folk lasta ned prospektet i eit køyr, seier meklar Tom Didrik Eriksen. Han sette opp to ekstra visingar fordi interessa var så stor.

Hytte på Håøya

Denne hytta hadde eit prisforslag på 3 590 000 kroner, men vart selt for 4 550 000.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ikkje skremt av enkel standard

Han var spent då han la ut annonsen. Hytta ligg solrikt og usjenert til, har eiga brygge og fem soverom. Men den ligg på ei øy, og har ikkje bilveg fram og ikkje innlagt vatn.

Det såg altså ikkje ut til å skremme folk. Hytta ligg også i Porsgrunn kommune, eit område som kjem langt ned på lista over dei mest populære kystområda.

– Hadde denne hytta lege på Tjøme, hadde ho truleg kosta det tredobelte, seier Eriksen.

Tom Didrik Eriksen

Eigedomsmeklar Tom Didrik Eriksen måtte sette opp to ekstra visingar fordi interessa var så stor.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Heit hyttemarknad

Denne vinteren var travel i hyttemarknaden. Det tok over 20 dagar kortare å få selt ei hytte, og prisane auka med over fem prosent.

– Me trur det blir ein heit sommar i hyttemarknaden på kysten også, mykje tyder på det, seier Barbro Rasmussen, dagleg leiar i Eiendomsmegler 1 Telemark.

Det er fleire grunnar til at interessa for hytter er stor. Den norsk krona står svakare i utlandet, og renta er framleis låg. Eit element som no får meir å sei, er at stadig fleire bur i byar og kanskje i relativt små leilegheiter.

– Det urbane livet stimulerer lengten etter ei hytte med natur og utsikt.

Rasmussen legg til at mange no har hytte både på fjellet og ved kysten.

Gjennomsnittspris i topp 25 kommuner

Kommune

Gjennomsnittspris

Dette er de dyreste hyttekommunene med minst ti omsetninger i fjor. Kilder: Eiendom Norge, Finn.no og Eiendomsverdi.

Tvedestrand

5 282 059

Nøtterøy

4 978 000

Søgne

4 844 038

Fredrikstad

4 769 896

Kragerø

4 761 539

Tjøme

4 484 286

Lillesand

4 227 500

Oslo

4 161 364

Hvaler

4 049 400

Nesodden

3 775 000

Mandal

3 752 778

Sandefjord

3 691 250

Sarpsborg

3 628 077

Bamble

3 463 955

Porsgrunn

3 447 826

Rygge

3 209 404

Son (Vestby)

3 168 463

Larvik

3 147 100

Drøbak (Frogn)

3 027 667

Arendal

2 990 400

Kristiansand

2 972 750

Moss

2 814 583

Råde

2 779 118

Grimstad

2 712 941

Austevoll

2 684 333

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark