NRK Meny

Vekst for Sparebanken 1 Telemark

Sparebanken 1 Telemark har eit årsresultat før tap og skatt på om lag 240 millionar kroner for 2015. Det er ein vekst på nesten ti prosent. Banksjef Per Halvorsen seier at kundane loggar seg på med mobil og nettbank i mykje større grad enn før og er godt nøgde med det. Banken har 60.000 privatkundar i Telemark og 6000 utanfor Telemark.

Bankdirektør Per Halvorsen i Sparebank1 Telemark
Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK