Hopp til innhold

Veg ferdig i rekordfart

Torsdag vert vegstrekket E18 mellom Telemark og Aust-Agder ferdig oppgradert.

E18 Tangen-Aust-Agder

Frå venstre: Torgeir Haugland, Harald Tobiassen (prosjektleiar), Kjell Inge Davik (regionvegsjef), Øystein Krogh (Up), Jone Blikra (ordførar i Kragerø), Jan Ove Kjellesvik.

Foto: Marius F. Hope/Statens vegvesen

– Gjennom tidene har det vore mykje ulykker på strekninga og med dei nye utbetringane på vegen trur me det vil bli veldig mykje færre ulykker.

Det seier prosjektleiar Harald Tobiassen.

Det dreier seg om eit strekke frå Tangen i Telemark til grensa mot Aust-Agder. Vegen har til nå vore ein vanleg timetersveg, men har no blitt utvida i bredde, fått forbikøyringsfelt i begge retningar og midtdelar heile vegen.

Totalt har rundt sju kilometer av vegstrekket blitt oppgradert og målet er at vegen skal bli tryggare.

Ifølge Tobiassen viser statistikk at oppgraderinga som er gjort på vegen gir ein like sikker veg som ein firefeltsveg.

E18 Østerholtheia

Vegstrekket ein del av utbygginga av E18-strekninga mellom Dørdal og Tvedestrand.

Foto: Statens vegvesen

Tett samarbeid med politiet

Statens vegvesen har samarbeide tett med politiet i perioden vegen har vore utbetra. Det har derfor vore mykje politi å sjå for dei som brukar vegen til dagleg.

– Det er utfordrande å bygge om ein veg med så mykje trafikk på, seier Tobiassen. Han rosar politiet for hjelpa dei har gitt.

Lokka med bonus

Planen om eit midtrekkverk mellom Tangen og Aust-Agder strekker seg tilbake til 2012. I Statsbudsjettet for 2016 vert vegstrekket foreslått prioritert frå regjeringa si side.

Etter planen skulle vegen vere ferdig om dryge to månader. Tobiassen seier dei før jul kunne skimte moglegheita for at prosjektet kunne bli ferdig før tida.

Harald Tobiassen, Statens Vegvesen

Prosjektleiar Harald Tobiassen feira det ferdige vegstrekket med ein liten markering torsdag.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Det er alltid hyggeleg med vegopning, men det er jo sjølvsagt ekstra stas når det skjer tidlegare enn venta, seier Tobiassen.

Han seier det blei tatt i bruk eit ekstra grep som truleg fekk fortgang i sakene.

– Me lokka entreprenøren som jobba på prosjektet med ein liten bonus om dei fullførte før tida. Det ser ut til å ha fungert.