NRK Meny

Vedtok skoletilbod for neste år

Vest-Telemark vidaregåande skole i Seljord blir ikkje lagt ned. Elektrolinja på Rjukan, og barne- og ungdomsarbeiderlinja på Notodden blir også halde oppe. Det same gjeld for Croftholmen i Bamble. Ei gruppe idrett og ei gruppe Medier og kommunikasjon blir verande på Porsgrunn vidaregåande, og mens resten blir flytta til Hjalmar Johansen i Skien. Det blei klart da Fylkestinget vedtok skoletilbod 2016–2017.