NRK Meny
Normal

Vassøyle bremsar aust-vest samband

Fleire tusen liter i minuttet spruter ut av fjellet. Vatnet skaper store problem, og no kan gjennomslaget i den ni kilometer lange Mælefjelltunnelen på heilårssambandet mellom Oslo og Bergen bli ni månader forsinka.

Vatn sprutar inn i Mælefjelltunnelen

REKORDHØGT VASSTRYKK: Vatn som sprutar ut når vegvesenet skal bore, kan forsinke tunnelen i lang tid.

Foto: Svein Arne Skjervheim

Tunnelen til to milliardar kroner skal forkorte reisetida på stamvegen E134 mellom Aust- og Vestlandet med 18 minutt for tunge køyretøy.

Tre kilometer inne i Mælefjelltunnelen ligg røyken tett etter nok ei salve med dynamitt. Det går framover, men ikkje på langt nær så fort som planlagt. Byggeleiar Trond Øygarden i Vegvesenet fryktar at det ikkje blir gjennomslag før 1 oktober i år, heile ni månader etter planen,

Trond Øygarden

Byggeleiar i Vegvesenet, Trond Øygarden, seier at vatnet gir store utfordringar med boringa.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

– Vi har hatt større utfordringar enn planlagt med mykje vatn under høgt trykk på Århussida. Det gjer at gjennomslaget blir forsinka.

– Kva har dette å seie for kostnadene?

– Vi er framleis innanfor kostnadsramma på prosjektet, så vi har kontroll på økonomien så langt, seier Øygarden.

84 bars trykk

Trykket på vatnet som fossar inn i tunnelen slår alle rekordar på vegtunnelar i Noreg. I mai i fjor støytte tunnelarbeidarane på vatn med heile 50 bars trykk, noko som er svært sjeldan i ein vegtunnel.

Men det skulle vise seg å bli verre lenger inn i fjellet. Nyleg målte dei heile 84 bar, altså trykk tilsvarande ei vassøyle på 840 meter over tunneltaket.

Christ Valland

Christ Valland i entreprenørselskapet NCC, seier det er rekordhøgt trykk på vatnet som kjem ut ifrå fjellet.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

– Vi kjenner ikkje til andre vegtunnelar som har hatt så høgt vasstrykk.

Christ Valland i entreprenørselskapet NCC er ein av dei som må stri med vatnet.

– Vatnet som står i fjellet kjem ut av borehola med enormt trykk. Det gjev oss utfordringar når vi skal sette inn pluggane vi brukar for å pumpe inn sement i sprekkane. Det har også vore store utfordringar med fleire tusen liter vatn i minuttet, seier Valland.

Sprekkar med vatn

Mælefjelltunnelen blir driven både frå Seljord og Hjardal samtidig. I Seljord har dei lenge hatt problem med vatn som sig inn i tunnelen. Då må tunnelarbeidarane bore hol 18 meter framom seg og pumpe inn betong for å tette sprekkane. Dette tar lang tid, og skaper utfordringar.

Pluggane som dei set inn i holet var ikkje laga for å tole så høgt trykk. Dermed måtte leverandøren konstruere nye og forsterka pluggar.

Forsterka plugger som skal hindre vann

Dei nye pluggane er konstruert for å tole det høge trykket.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

På nettsida til prosjektet skriv Statens vegvesen at vegen er "antatt opna juni 2019". Byggeleiar Trond Øygarden vil ikkje love nokon månad, men satsar på å opne tunnelen i 2019 som planlagt. Om planen held vil han ikkje seie noko om no.

– Vi har 500 meter fjell igjen å drive. Når vi har gjennomslag får vi betre oversyn, seier byggeleiaren.

  • En time ekstra kjøring

    E18 er stengt ved Gjerdemyra utenfor Kragerø i sørgående retning. Omkjøring skjer via Drangedal og Treungen. For reisende mellom Kragerø og Kristiansand gir det over en times lengre reisetid.

    Gjerdemyra
    Foto: Astrid Wåsjø Simonsen
  • En seier på fire kamper

    I eliteserien i bordtennis for kvinner vant Notodden mot Vikåsen, mens det ble tap for Bodø, og B-72. Notodden spilte uavgjort mot Drammen. Dermed tok laget med seg tre poeng fra helgens kamper som ble spilt på Notodden.

  • Golfbane under vann

    Golfbanen på Gumøy i Kragerø står under vann. – Banen var i utmerket stand helt til regnet kom, så jeg tror dette skal gå bra, sier styreleder i Gumøy golf AS Jarl Wist. Det anslås at omkring 20 mål ligger under vann.

    Gumøy golfbane
    Foto: Roy Isnes