Hopp til innhold

Mange uventa dødsfall og alvorlege skader

Sjukehuset Telemark har varsla Statens helsetilsyn 18 gonger om uventa dødsfall og alvorlege skader på pasientar til no i år.

Sykehuset Telemark

Sjukehuset Telemark har aldri varsla Statens helsetilsyn så mange gonger.

Foto: Anne Lognvik / NRK

​Sjukehuset har aldri varsla så mange saker til helsetilsynet. Sakene er forskjellige og har blitt varsla frå ulike avdelingar, melder sjukehuset på sine nettsider.

Sjukehuset skriv vidare at Statens helsetilsyn ikkje har komme på utrykking etter å ha mottatt varsel frå sjukehuset.

Meldekulturen er betre

Bess Frøyshov, sykehusdirektør

Bess Frøyshov, direktør ved Sjukehuset Telemark.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Dei fleste sakene er overført til Fylkesmannen i Telemark for tilsynsmessig oppfølging.

Statens helsetilsyn har bedt om ei utgreiing i fire av sakene, mens fire er avslutta utan nærare oppfølging.

– Eg reknar med at auken skuldast meir fokus på plikta til å varsle og ein betre meldekultur, seier administrerande direktør Bess Frøyshov.

Vil følge opp varsel

Ho meiner likevel at det skjer alvorlege hendingar som enten blir varsla for seint eller ikkje blir varsla.

– Derfor blir det nå sett i verk tiltak ved sjukehuset for å sikre varsling av alvorlege hendingar til Statens helsetilsyn. Det også sikrast at pasientar og pårørande i større grad blir følgt opp på ein betre måte.

Varsla følgast tett opp for å finne årsaker og eventuelle samanhengar.

– Vi er oppriktig opptatt av å lære dersom vi gjer feil eller dersom vi ser at rutinane er for dårlege, og vi jobbar kontinuerleg med å bli betre oss. Derfor blir alle slike saker tatt på alvor, seier Bess Frøyshov.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark