Hopp til innhold

Varslar går rettens veg for ei offentleg orsaking

SKIEN (NRK): Alle dei seks varslarane i NDLA-saka krev ei offentleg orsaking, men det vil ikkje styret i selskapet gje dei. – Me har venta i tre år på ei orsaking, no er tolmodet slutt, seier Liv Heidrun Heskestad.

Rune Mathiesen og Liv Heidrun Heskestad

Rune Mathiesen hadde draumejobben i NDLA. Liv Heidrun Heskestad var med frå starten av i NDLA. Det var verdas beste jobb, seier ho.

Foto: Fotomontasje / NRK

Ho står fram som varslar for første gong og fortel om draumejobben ho mista då ho blei mistenkeleggjort etter å ha varsla om kritikkverdige tilhøve.

– Eg vart utsett for gjengjelding etter at eg varsla, og miste jobben i NDLA, seier Heskestad, som har skaffa seg advokat.

Starta noko historisk

20. september i 2006 blei 18 fylkeskommunar samde om å lage eit moderne og innovativt selskap som skulle lage digitale lærebøker til elevar i vidaregåande skular over heile landet.

Det fylkeskommunale selskapet NDLA, Nasjonal digital læringsarena, starta opp i 2007. Alle fylkeskommunane, med unnatak av Oslo, er eigarar.

– Me som var med frå starten av visste at dette var noko historisk, noko unikt, seier Heskestad.

– Dette skulle me lukkast med til beste for unge elevar over heile landet. Det tok fleire år før me såg at noko var veldig gale.

Kunne ikkje teie

Rune Mathisen, den fyrste av varslarane som stod offentleg fram, sukkar når han forklarer.

– Etter 5–6 år såg me at det var for tette band mellom private aktørar og NDLA.

Mathisen fortel om reglar for offentlege innkjøp som ikkje blei fylgt, roller blei blanda og store summar bruka på konsulentar.

– Det var tungt å gå tenesteveg og varsle. Me elska jobben vår og ideen om NDLA. Me ville alt godt for selskapet, men kunne ikkje teie om det me såg.

Helge Galdal

Fylkesopplæringssjef Helge Galdal er den einaste i styret som meiner varslarane bør få offentleg orsaking.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Oppvasken starta

Hordaland fylkeskommune styrer det interfylkeskommunale selskapet NDLA, og det var kontrollutvalet i Hordaland som bestilte gransking.

Ei rekkje manglar og lovbrot blei avdekte, og før jul i fjor gjekk dagleg leiar av.

Styret for NDLA har rydda opp i det meste av dei såkalla avvika som kom fram i to Deloitte-rapportar.

Deloitte mappe

To granskingsrapportar og ei rekkje tiltak for å få orden på drifta, er resultatet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Mistenkte at eg var varslar

For Rune Mathisen gjekk også varslarrolla ut over jobben.

– Dette var verkeleg draumejobben, den jobben eg helst vil ha, seier Mathisen.

Han starta i NDLA i 2012, og i 2014 blei han teamleiar.

– Det å samarbeide med dyktige kollegaer frå heile landet om eit konsept me alle hadde og har tru på, var fantastisk.

Men det blei umogleg å halde fram i jobben, for leiinga mistenkte at han var varslar.

– Det var med stor sorg eg gjekk.

Vil ikkje gje varslarane ei offentleg orsaking

John Arve Eide

Styreleiar John Arvid Eide meiner varslarane har fått honnør for jobben.

Foto: Ann Kristin Ohrstrand / Akershus fylkeskommune

Styreleiar John Arve Eide seier til NRK at varslarane har fått honnør for jobben dei har gjort gjennom to granskingsrapportar. Fleirtalet i styret meiner det er nok.

Det er ikkje fylkesopplæringssjefen i Telemark, Helge Galdal, einig i. Han tok saka opp i siste styremøte, men fekk ikkje støtte. Han fekk protokollført usemja, og har orientert styreleiar om at han går ut med sitt standpunkt.

I vedtaket som kom etter jul står det:

«Varslingsinstituttet gis anerkjennelse i kronikk. Det vises elles til rapport II fra Deloitte der styreleder uttaler følgende: NDLAs styre tar varslingsinstituttet og sitt ansvar for å sikre varslere vern, på størst mulig alvor.»

Fylkesopplæringssjef Galdal er skuffa over kollegaene i styret. Styret har ved fleire høve sagt at varslarane har gjort det dei burde og skulle.

– Det fortener dei ros for, avsluttar Galdal.

Burde me latt vore å varsle?

Heskestad og Mathisen er undrande til at det skal vera så vanskeleg for eit styre å gå offentleg ut og seie at jobben varslarane har gjort var viktig.

Gjennom advokat krev Heskestad ei offentleg orsaking og erstatning.

– Viss ikkje, blir det rettssak.

– Me ofra jobbane våre, me fortener ei anerkjenning og oppreising frå styret, avsluttar Rune Mathisen.