NRK Meny

Varmgang i bremser

Laster Twitter-innhold
  • Vassproblem i Tinn

    Tinn kommune har problem med vasstilførselen i Skinnarbuområdet. Om lag 30 hytteabonnentar er utan vatn. Kommunen har fleire folk i arbeid for å løyse problemet så raskt som mogleg.

  • To til Ullevål i luftambulanse

    To personar er sendt med luftambulanse til Ullevål universitetssjukehus etter ein kollisjon på Bolkesjø i dag. Ulukka skjedde under ei forbikøyring, og politiet har beslaglagt førarkortet til ein av sjåførane.

  • Protesterer mot Intercity-utsetjing

    Fylkesordførar Sven Tore Løkslid ber Stortinget gripe inn for å hindre at utbygginga av Vestfoldbanen blir utsett. Dersom arbeida i Vestfold blir utsett risikerer Telemark å måtte vente på intercity-samband til 2035, seier Sven Tore Løkslid.

    Sven Tore Løkslid. AP
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Skagerak tener store pengar

    Skagerak Energi får eit årsoverskot på 1,66 milliardar kroner før avskrivingar. Det er ein auke på 27 prosent frå året før. Høge kraftprisar og reduserte kostnader er årsak til at innteninga aukar, seier konsernsjef Knut Barland.