Hopp til innhold

Varmepumpa tek over for vedfyring

BAMBLE (NRK): Medan sal av ved har gått ned, har fleire husstandar skaffa seg varmepumpe, det syner tal frå SSB. Sidan 2010 har sal av ved hatt ein nedgang på 33 prosent.

Erik Dahl

NEDGANG I VEDSALET: Erik Dahl klarar ikkje å konkurrere med varmepumpa.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Erik Dahl, leiar i Bamle Bondelag, løftar ned ein sekk med ved på 500 kilo med ein liftmaskin. Denne skal han levere seinare i dag.

Dahl har vore i vedbransjen i 25 år og fortel at hans sal av ved har gått ned mellom 60 og 70 prosent berre dei siste åra.

– Salet går jo jamt og trutt, men det er ikkje som det var på det meste, eg tenkjer me sel 30 prosent av det som var på det meste, seier Erik Dahl til NRK

Tal frå SSB syner at nordmenn i 2010 fyra opp over 1,5 millionar tonn ved. I 2014 var tala betrakteleg lågare og me bruka nesten 600.000 tonn mindre ved.

Les og:

Nedgang i talet på vedseljarar

Dahl fortel at det dukka opp fleire vedseljarar rundt 2010, men at dette ikkje var noko problem.

– Me hadde bruk for so mange produsentar den gongen, problemet kom ikkje før vedsalet forsvann.

Situasjonen er ein annan no, fleire vedseljarar NRK har vore i kontakt med har anten lagt opp eller sel av det dei ikkje har fått selt tidlegare år.

Varmepumpe tek over

Tal frå SSB syner at kring 44 prosent av einebustadane har installert varmepumpe. Det er ein oppgang på 9 prosentpoeng frå 2009. Dahl trur ikkje at dei låge straumprisane i år har noko med nedgangen i vedsalet å gjere.

– Nokre øre til eller frå i straumprisen utgjer ikkje skilnaden. Når ein fyrst har vend seg til å trykke på ein kontroll er det klart at det er enklare enn å fyre opp, seier Dahl

Interesseorganisasjonen Norsk Ved skal ifølge Nationen åtvare mot mangel på ved hjå produsentane, dersom me får ein kald vinter. Dahl fortel at folk ringer og bestiller ved når dei frys.

– Det er ikkje for seint då, kunden har rett og me kjem so fort me kan, ler vedseljaren.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark