Pappa Ivar Gulseth smiler som ein unge i ein gotteributikk. Han er strålande nøgd med at potethaustinga startar tre veker tidlegare enn normalt.
– Eigentleg skulle familien dra på ferie, men for å vera sikker lyfte eg opp eit potetgras.
– Då skjønna eg at potetene ikkje kunne vente, dei var klare, fortel den glade bonden. Ferien måtte vente til avlinga er i hus.
Han har ikkje så stort areal med Ruth, som er namnet på denne tidlegpoteta, men dei er ettertrakta.
"Alle" vil ha nypotet.
Resten av potetavlinga må nok stå nokre veker til.
Aldri skore kornet så tidleg
Simon Helge Dahl nærmar seg førti år som bonde, men han kan ikkje hugse at han nokon gong har skore kornet så tidleg som i år.
Dei starta med å skjera bygg 22. juli, det er bortimot tre veker tidlegare enn normalt. Kveiten står enno, men også den er tidlegare enn normalt.
– Alt er tidlegare enn vanleg i år, seier Dahl. Sjølv om han gjerne kunne tenkt seg ein skvett vatn, er dei ikkje så ille stilt på Fossum i Skien.
– Me fekk 40 millimeter nedbør for tre veker sidan, og 10–15 millimeter for halvannan veke sidan, så me er ikkje så ille stilt.
Han kosar seg i godvêret, men hadde ikkje sagt nei takk til ei god regnværsnatt.
Alt gror som hadde det betaling
Også dei som driv med bær opplever at sesongen i år kjem om lag tre veker tidlegare enn normalt.
Varmen gjer at mange vel badestranda framfor bringebæråkeren.
Mykje bær står i fare for å rotne fordi dei ikkje blir plukka i tide.