Hopp til innhold

– Dei etablerte fekk svi for bypakka

Bypartiet i Skien ligg an til å få 8 mandat i bystyret i Skien. Men Tomas Bakken i Bypartiet er usikker på kva det nye partiet kan bruke makta dei får til.

Tomas Bakken

Tomas Bakken får ei gruppe på åtte representantar for Bypartiet i Skien bystyre.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Vallogo

Tomas Bakken forklarar valskredet for Bypartiet med at dei etablerte partia ikkje har følgt godt nok med kva veljarane deira meiner.

– Klarar beskjed enn dette går det ikkje an å få. Dei har køyrt over folk med Bypakka, og det får de svi for nå, seier Bakken.

Han meiner motstanden mot Bypakke Grenland er den viktigaste forklaringa til at Bypartiet fekk ei bystyregruppe på 8 mandat.

Bypakka er viktigast

– Men det kan veldig fort bli slik at Hedda Foss Five held fram som ordførar, dersom Arbeidarpartiet får til eit samarbeid med KrF i Skien. Det svar får vi vel i løpet av veka som kjem, seier Bakken.

Men førstekandidaten på Bypartiet si liste vil likevel ikkje seie at det har vore bortkasta å røyste på partiet, sjølv om det er usikkert kva den nye partigruppa i bystyret får av innverknad på korleis Skien skal bli styrt dei neste fire åra.

– Hovudsaka vår er å endre Bypakke Grenland. Og sett ut frå det er vi nå godt representert på innsida av bystyresalen. Fram til nå har vi stått å skrapa på utsida for å få lov til å kome fram med bodskapen vår.

Vil jobbe vidare med bypakka

Bakken meiner den nystarta partiet får eit godt høve til å vere med på å forme korleis bypakka skal bli sjåande ut i det vidare arbeidet.

– Så då kan vi få på plass ting. Viss Arbeidarpartiet held ord, så vil dei også ha nokon av dei same vegløysingane som vi vil ha på plass. Det sa dei i alle fall i valkampen.

Han håpar no det skal bli mogleg å få på plass ein ordentleg fase 2 for Bypakke Grenland.