Hopp til innhold

Valebøvegen blir stengt

Valebøveien, fylkeveg 44, blir stengt i fem veker frå måndag 24. juni. Årsaka er at Vegvesenet skal rydde bort vegetasjon og lause steinar frå fjellet. Etter det vil delar av fjellet bli sikra med både boltar og nett. Det gjeld strekninga mellom dei to jernbaneundergangane på Valebø. Resten av strekninga vil vere open, men gjennomkjøring blir altså ikkje mogleg.

Valebøvegen blir utbetra
Foto: Statens vegvesen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark