SE OGSÅ: |
ALT OM: |
I samarbeid med eit vaktselskap - er det laga beredskapsplanar for utrykking. Alle vegar ut av bygda skal sperrast for å stenge inntrengarane inne.
Viss alarmen går i ein pelsdyrfarm i Treungen - er det ikkje mange minuttane før bygdefolket har rykka ut og sperra vegan.
Torgeir Aarak i Aarak Alarm og Sikring.
Bygdevernet møter trugsmålet frå dei internasjonale dyrevern-aksjonistane. Bøndene har fått beskjed om å vere på vakt mot mistenkelege personar.
Vil pågripe personar
Som til dømes den engelske og norske dyrevernaksjonisten som kartla pelsdyrfarmar i Nissedal i førre veke veke.
- Det er svært få bygder som har ein så god beredskap som Nissedal. Det er ikkje mykje dyrevernaksjonistane skal få gjort før vi er på staden, seier Torgeir Aarak i vaktselskapet Aarak Alarm og Sikring.
Han seier at dei ikkje vil blande seg inn i politiet oppgåvene til politiet. Men dei vil likevel halde igjen personar dei har pågripe til politiet kjem på staden og kan ta hand om dei.
Brannbomber mot forkjøkken
Det var brannbombene mot Tveit Forkjøkken i Treungen for eitt år sidan som sette eit støkk i bygda.
Då slo den internasjonale dyrevern-terrorismen til. Og politiet var halvannan times kjøring unna minkbura.
Difor har nissedølane satsa på ein eigen vaktstyrke og moderne teknologi.
Torgeir Aarak i Aarak Alarm og Sikring kan rykke ut for å sperre vegen.
- Vi vel å bruke den moderne teknologien som er tilgjengeleg, og har blant anna infraraudt kamera. Vi er nøydt til å sette i gang reelle mottiltak, seier Aarak.
- Med det opplegget vi har no er det ikkje mykje skade dei skal få gjort. Dyrevernaksjonistane kan kanskje klare å få sleppt ut nokre dyr, men vi skal vere på plass ikkje lenge etterpå, seier Asbjørn Tveit som er sjef på forkjøkkenet i Treungen.
- Den iveren og det samarbeidet vi har her i bygda er det ikkje mange pelsdyroppdrettarar som har. Vi har eit godt opplegg og eit godt samarbeid med politiet, seier Aarak.