NRK Meny
Brøyting i Seljord
Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Vær og føre i Telemark

Oppsummert

NRK gir deg de siste meldingene om vær- og føreforhold i Telemark.

  • Fleire vegar er stengt

    E134 over Haukelifjell og riksveg 9 mellom Haukeli og Hovden er stengt på grunn av uver. På fylkesveg 304 mellom Kviteseid og Fjågesund er det gått eit steinras og vegen er nå stengt på grunn av fare for meir ras.

  • Kraftig vind i Telemark

    Meteorologene melder om mye vind i Telemark i kveld. Det er OBS-varsel for vindkast.

    Laster Twitter-innhold
  • Pengar til OL i Telemark

    Formannskapet i Tinn kommune vil gjeva 500.000 kroner til arbeidet med å få OL til Telemark. Det skriv Rjukan Arbeiderblad. Vedtaket i formannskapet var samrøystes, og saka blir avgjort i kommunestyret sitt budsjettmøte i dag.

  • Auke i folketalet

    Med ein auke i folketalet på 3,8 prosent i år er det berre fire kommunar i Noreg som veks meir enn Bø. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Tala syner at åtte av atten kommunar i Telemark får ein auke i folketalet i år.

  • 14-.plass til Lid Byggland


    Langrennsløparen Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo vart nummer 14 på 15 kilometer klassisk i Skandinavisk Cup. Mikael Gunnulfsen frå Ørn vart nummer seksten. 200 løparar frå heile Skandinavia deltok i rennet.

    Ånund Lid Byggland
    Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK
  • Bonus til Hegh Arntzen

    Handballspelaren Emilie Hegh Arntzen får ein bonus på 50.000 kroner etter sølvmedaljen i handball-VM. Hegh Arntzen fekk eit kort innhopp i finalen der Noreg tapte for Frankrike.

    VM i håndball for kvinner. Norge-Ungarn (30-22)
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix