NRK Meny
Normal

Utviklingssjefen får politisk støtte

Utviklingssjef Thor Kamfjord får støtte av fylkespolitikarar. Kamfjord sa opp jobben etter usemje med leiinga i Telemark fylkeskommune etter diskusjon om deponisaka i Brevik.

Utviklingssjef Thor Kamfjord fekk støtte i næringsutvalet

Næringslivsorganisasjonen Norsk industri og det Gjelstenselskapet NOAH, Norsk Avfallshandtering, blir skulda for å ville kneble demokratisk debatt omkring saka om giftavfallslager i de gamle gruvene i Brevik.

Les også: Sa opp jobben etter kritikk

I dag kom den politiske oppvasken der det blei framsett kraftig kritikk i det fylkeskommunale næringsutvalet som var samla i Langesund i dag.

– Mange sat att med ei kjensle av at Thor Kamfjord blei æreskjelt fordi han hadde teke ei negativ haldning i deponisaka, seier Olav Kasland frå Venstre.

Utløyste oppseiinga

Olav Kasland, Venstre

Olav Kasland, Venstre.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han meiner det var dette som utløyste Thor Kamfjord sin avgang som utviklingssjef i fylkeskommunen, fordi han ikkje fekk den støtte han trengde av toppleiinga i fylkeskommunen.

Den tidlegare utviklingssjefen er også lokalpolitikar i Porsgrunn for Arbeidarpartiet og har engasjert seg i saka om avfallsdeponi i gruvene i Brevik.

– Det har falt herrane i Norsk Industri og NOAH tungt for brystet, seier Kasland.

Les også: Lynrask reaksjon på algeprosjektet

Fekk kritikk av Norsk Industri

Verken NOAH, Norsk Industri eller fylkesordførar Terje Riis Johansen som også var på det omstridde møtet vil kommentere saka.

Fylkesrådmann, Evy-Anni Evensen er i Brussel, men seier i ein kommentar til NRK at den tidlegare utviklingssjefen ikkje har fått kritikk for den politiske rolla han har i Porsgrunn.

– Kamfjord som person blei ikkje drøfta på møtet. Vi har hatt møte med Norsk Industri der dei kritiserer vår måte å handtere saker på, seier Evensen.

Næringsutval i fylkeskommunen

Hovudutval for næring i Telemark fylkeskommune drøfta oppseiinga til utviklingssjef Thor Kamfjord.

Foto: Anne Lognvik / NRK