NRK Meny
Normal

Utvidar siktinga mot advokat

Politiet i Telemark utvidar siktinga mot advokaten som i mai blei sikte for grov økonomisk utruskap mot Rauland Invest.

Holtardalen, Rauland

HOLTARDALEN: Rauland Invest var ein sentral aktør i bygging av hytter i Holtardalen i Rauland.

Foto: Petter Melsom / NRK

– Den utvida siktinga gjelder forhold som er avdekka gjennom etterforskinga, seier politiadvokat Gunnstein Bjørgum til Vest-Telemark Blad.

I tillegg til skiensadvokaten er også ein annan person sikta for det nye forholdet.

Nye straffbare forhold

Gunstein Bjørgum

NYE FORHOLD: Politiadvokat Gunstein Bjørgum seier etterforskinga har avdekka nye forhold.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Politiet i Telemark har utvida siktinga mot advokat til også og omfatte nye straffbare forhold. Frå før er han sikta for grov økonomisk utruskap og trugsmål.

Politiadvokat Gunstein Bjørgum opplyser til Vest-Telemark Blad den nye utvida siktinga gjeld forhold som er avdekka gjennom etterforskinga som har gått føre seg sidan arrestasjonen av advokaten i mai.

– Det er forhold som knyter seg til næringsverksemda som har vore driven, seier Bjørgum til avisa.

Fleire personar til avhøyr

Politiet vil avhøyre fleire personar om innhaldet i den nye utviklinga i saka, og det inneber også at ein annan person er blitt sikta.

Men Bjørgum avslår å opplyse noko om kva siktinga går ut på eller kva tilknyting vedkomande har til advokaten som er sikta.

I mai blei den sikta advokaten pågripen og sat to dagar i forvaring medan politiet gjennomførte både ransaking, beslag og avhøyr av fleire vitne.

Han blei då sikta for grov økonomisk utruskap på inn til ti millionar kroner og trugsmål.

Les også:

  • Pipebrann i Porsgrunn

    Tokke brannvesen rykker ut til en pipebrann i Storvegen i Porsgrunn. Dette melder 110 -Telemark på Twitter.

  • Huseier slukket brannen

    Brannen som startet i en enebolig i Øyfjellveien i Vinje ble slukket av huseieren selv. Huseieren slukket brannen med et pulverapparat. Brannen skal ha startet i det tekniske anlegget i yttergangen, melder Varden.

  • Boligbrann i Vinje slukket

    Boligbrannen i Øyfjellvegen i Vinje er slukket. Fire personer er registrert bosatt på adressen, og noen av har fått i seg røyk. Disse tilses av helse, opplyser politiet klokken 02.46.

    Laster Twitter-innhold
  • Rykker ut til boligbrann i Vinje

    Nødetatene har rykket ut til melding om boligbrann i Øyfjellvegen i Vinje. Det melder politiet i Telemark klokken 02.16 natt til søndag.

    Laster Twitter-innhold