NRK Meny

Utdanningsforbundet overraska

Harald Johansen i Utdanningsforbundet i Telemark er overraska over at meir enn 70 prosent av medlemmene i forbundet seier nei til avtalen Utdanningsforbundet har tinga fram med arbeidsgjevarorganisasjonen KS. Resultatet syner at KS må ta ansvar og gje lærarane ein betre arbeidstidsavtale, seier Johansen. Det er førebels uklart kva skular som blir omfatta av lærarstreiken i Telemark.