Normal

– Situasjonen i Ukraina er svært farleg

Ukrainske Nataliia Maridal og russiske Svetlana Kirknes er båe svært urolege for situasjonen i Ukraina.– Ein liten gneist kan føre til verdskrig, seier dei, og ber Putin ta til vitet.

Redd for uroa i Ukraina

Nataliia Maridal er redd for at den minste provokasjon kan utløyse væpna konflikt i Ukraina. Ei slik konflikt vil kunne dra med seg resten av Europa og USA.

– Då kan me fort ha ein verdskrig, seier Nataliia.

Ukraina mobiliserer, og rustar seg for å eventuelt kunne yte motstand mot den mektige naboen i nord, Russland.

– Dette er Putins ansvar

Svetlana Kirknes

Russiske Svetlana Kirknes meiner situasjonen er svært farleg, og at ein krig mellom Russland og Ukraina fort blir ein verdskrig.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Ukrainske Nataliia Maridal er svært uroleg over situasjonen i heimlandet

Nataliia Maridal har foreldre og sin einaste son i Ukraina. Ho fortel at det er mobilisering i Ukraina, heimlandet førebur seg på krig.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Seier russiske Svetlana Kirknes. Ho er gift, og har budd i Noreg i mange år, men har god kontakt med familien i Russland. I følgje henne er dei fleste einige om at dette er provokasjon og maktdemonstrasjon frå Vladimir Putin med støtte frå parlamentet i Russland.

Ukrainarar og russarar er broderfolk, som svenskar og nordmenn. Me har felles kultur, felles historie, og mange av oss har slektningar i båe land, eller er gifte med kvarandre.

Alle kan bli utkalla til militæret

– Eg elskar mitt land, eg elskar mitt folk og eg er stolt over det som skjedde på Maidanplassen. Mange unge menneskje blei drepne, dei slost for demokrati og framtida. Ukrainarar er patriotar, seier Nataliia Maridal med skjelving i stemma.

Mobilisering i Ukraina no kan føre til at sonen, hennar einaste, kan bli kalla ut. Han er trena offiser i det ukrainske forsvaret. Odessa, heimbyen der familien og sonen framleis bur, er ikkje langt frå Krim.

– Eg er veldig redd for kva som kan skje, seier ho med tårer i augo. Sonen hjelper foreldra hennar og familien. Viss han blir kalla ut for å forsvare landet, må eg kanskje dra heim for å hjelpe.

Ukrainarar har ingenting imot det russiske folk, min far er russisk og mor mi ukrainsk. Alle har blandingsfamiliar, me er venner, ikkje fiendar legg ho til.

– Mareritt, eg tør ikkje tenkje på kva som kan skje.

Seier Svetlana Kirknes.

Ho meiner ein skal forhandle, ikkje drive med maktdemonastrsjon slik Putin og det russiske parlamentet gjer no. Situasjonen er heilt uhaldbar. Historisk sett står me veldig nær kvarandre, og ein skal ikkje krige med sine slektningar.

Båe kvinnene arbeider i Skagerak Arena-bygget i Skien, få meter frå kvarandre. Men båe har tankane i Ukraina. Skrekkscenariet er at partane ikkje finn ei fredelege løysing.

– Eg tek klart avstand frå det russarane driv med no. Det er klart at det bur mange russarar på Krim, området var i utgangspunktet russisk og den russiske Svartehavsflåten ligg der, men likevel. Det Russland no gjer, er å vise makta si.

Men den offisielle versjonen frå russisk side er at russarane kjende seg utrygge på Krim, at det har vore overgrep, at Russland må verne sine russiske brør på Krim?

Dei må sei noko, det same gjorde dei i Georgia. Sa at russarar var truga og undertrykte av georgianarar. Dette seier dei for å dekkje over det som er det eigentlege målet.

Er du, som russisk-ukrainske Nataliia, redd for at dette kan bli ein storkrig?

Vel, Russland er ei atommakt, det er kjent. Viss det blir krig, blir det kanskje den seinaste. Nei, eg vil ikkje tenkje på det ein gong.

Avsluttar legen før ho slepper inn den neste pasienten i fredelege Skien.