Hopp til innhold

Urealistisk å flytte tilsette

Urealistisk å flytte sjukehustilsette frå Skien og Notodden til Rjukan sjukehus, meiner tillitsvald.

Rjukan sykehus

Sjukehuset på Rjukan kan bli stengt tre månader tidlegare enn avtalt.

Foto: Rune Guneriussen

– Det er urealistisk flytte tilsette frå Skien og Notodden opp til Rjukan for å halde sjukehuset lenger ope, seier Tor Helge Gundersen, tillitsvald i føretaket for Fagforbundet ved Sjukehuset Telemark.

Når sjukehuset på Rjukan blir lagt ned neste år, kan det også få følgjer for tilsette på Notodden og Skien.

Alt 1. mars kan det vere slutt. Sist fredag blei dei tilsette på Rjukan informert om at bemanninga fører til at sjukehuset kan bli stengt, over tre månader tidlegare enn avtalt.

Les også:

Turnusen må gå opp

Tinn-ordførar Steinar Bergsland hevdar han har fått løfter om at tilsette frå sjukehusa på Notodden og i Skien kan bli omdirigert til Rjukan sjukehus for å halde sjukehuset ope.

– Lite realistisk, meiner Tor Helge Gundersen, tillitsvald i føretaket for Fagforbundet ved Sjukehuset Telemark.

Han trur ikkje det er mogleg å hente tilsette frå Notodden og Skien for å utsette nedlegginga på Rjukan.

– Det er ikkje mogleg. Dersom jobbturnusane skal gå opp så trengst dei folka som er ved sjukehusa på Notodden og i Skien, seier Gundersen.

Nå er det 110 tilsette på Rjukan sjukehus, og når akuttfunksjonane forsvinn og det berre blir dagklinikk trengst berre 10–15 tilsette. Det betyr mange interne omrokeringar.

– Utgangspunktet er at ein skal finne anna arbeid ved Sjukehuset Telemark. Det kan bety at mange må bytte arbeidsplass, seier Gundersen.

Stor utfordring å finne arbeid

Anne Sønstebø

Anne Sønstebø, NAV i Tinn.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Truleg vil i overkant av 20 hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar stå utan arbeid. Tinn kommune har nokre stillingar ledige når sjukehusdrifta blir lagt ned, seier NAV-leiar Anne Sønstebø i Tinn.

– Det blir ei stor utfordring å finne arbeid nære Tinn for dei som har jobba kort tid ved sjukehuset, og heller ikkje har høveleg utdanning, seier Sønstebø.

Ho reknar med at folk som blir ledige må pendle dersom dei skal finne seg arbeid, og kanskje i ein kort periode ta arbeid som ikkje høver med den utdanninga og erfaringa som dei har.

NAV krev også at arbeidssøkarane er mobile.