Urædd bør berge plassen
Fotballekspert Tom Nordlie meiner Urædd bør berge plassen i Toppserien for kvinner. Urædd ligg nedst på tabellen i Toppserien, men er berre eit poeng bak Medkila på kvalifiseringsplass. Før den viktige kampen på laurdag mot Røa har Tom Nordlie trua på at Urædd skal berge plassen i den øvste divisjonen.