NRK Meny

UP kontrollar i natt

UP har hatt kontrollar i Grenland i natt. Ei kvinne blei stansa av politiet på Herøya i Porsgrunn, og skal ha innrømt bruk av amfetamin før ho køyrde bilen. Og ein mann blåste til langt over lovlege verdiar ein annan stad i Porsgrunn. Mannen hadde heller ikkje førarkort. Politiet har tatt nødvendige prøver av bilførarane.