Hopp til innhold

Unngår kolonnekøyring og stengt veg med lang tunnel på E134

For å hindre kolonnekøyring og stengde vegar over Haukelifjell i framtida, er det nå lansert eit nytt forslag til ein 25 km lang tunnel for E134 frå Haukeli til Røldal.

Tunnel på E134

VIL HA TUNNEL: Interesseorganisasjonen E134 Haukelivegen AS har nå lagt fram eit forslag om ein lang tunell mellom Vågslid og Liamyrane.

Foto: Petter Melsom / NRK

I meir enn 15 år har folk i 4 fylke og 30 kommunar kjempa for betre vinterveg over Haukelifjell. Interesseorganisasjonen E134 Haukelivegen AS har nå lagt fram eit forslag som vil sikre vinteropen veg.

Ein 25 km lang tunnel frå Liamyrane i Røldal til Vågslid i Vinje vil sikre trafikken uansett vær og føre på fjellet.

– Det er viktig, fordi konsekvensane med kolonnekøyring og vinterstengt veg blir større når trafikken blir fleirdobla med ein nasjonal hovudveg mellom aust og vest, seier Børge Skårdal, sekretær i E134 Haukelivegen.

Vegvesenet foreslår korte tunnelar

Vegvesenet foreslår tre tunnelar på den same strekninga mellom Vågslid og Røldal.

Det er ikkje godt nok, fordi 8 km med open fjellveg framleis vil føre til stengt veg og snøkaos, meiner dei som kjempar for vinteropen veg over fjellet.

– Vegvesenet har sagt at ein må rekne med kolonnekøyring og stengt veg med det forslaget dei har lagt fram, seier Skårdal.

Haukelivegen med lang tunnel på E134

Haukelivegen foreslår ein lang tunnel mellom Liamyrane i Røldal og Vågslid i Vinje. Vegvesenet sitt forslag med tre tunnelar er teikna inn med raudt.

Foto: Haukelivegen

Les også:

Vil ha forslaget vurdert

For Haukelivegen er det viktigaste å få tunnelprosjektet mellom Seljestad og Røldal inn i den første fireårs perioden i Nasjonal Transportplan som Stortinget skal vedta i juni.

Børge Skårdal seier at dei vil sende forslaget med lang tunnel mellom Røldal og Vågslid til Vegvesenet, Samferdsledepartementet og Stortinget.

– Vi ber om at det blir vurdert saman med andre forslag for denne strekninga med den nye kunnskapen vi prøvar å få fram.

Må overnatte i Vågslid

Jon Rikard Kleven, ordfører i Vinje

Ordførar Jon Rikard Kleven meiner vintersikker veg er viktig.

Foto: Petter Melsom / NRK

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, seier det er viktig for kommunen å få på plass ein vintersikker veg over fjellet. Han meiner det hjelper lite om trafikken kjem raskt til Vågslid, om folk må overnatte på grunn av vinterstengt veg.

– Visst ein tenkjer vintersikker veg over fjellet, og kostnadene med at trafikken står så mange døgn på vinteren, så vil investeringane blir spart inn over tid.

Kleven meiner tunnelane er det viktigaste for å få ein vintersikker nasjonal hovudveg over fjellet.

Verre med lengre tunnelar

Olav Vefall, Lastebileierforbundet

Olav Vefall seier lange tunnelar er farlege når det skjer ulykker.

Foto: Petter Melsom / NRK

Regionleiar for Lastebileierforbundet i Buskerud, Vestfold og Telemark, Olav Vefall, meiner det viktigaste er å få ei avklaring for tunnelprosjekta for ny E134 over Haukelifjell.

– Vi vil ha det så fort som mogleg, og vi vil ikkje ha så mange omkampar og utgreiingar.

Men lastebilnæringa er ikkje så glad for å få lange tunnelar over fjellet.

– Dei er ein risiko sidan vi diverre ser alt for mange tilløp til ulykker i tunnelar. Jo lengre tunnelen er, desto verre er det, seier Vefall.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark