Hopp til innhold

Filma for fyrste gong

SAUHERAD (NRK): For fyrste gong i Europa har forskarar fanga ville beverar på film mens dei er inne i beverhytta. Banebrytande for forvaltinga av bever verda over, meiner forskar. Til hausten vert også opptaka ein TV-serie.

Bilete av bever

UNIKT: For fyrste gong er beveren fanga på film inne i eigen hytte i Europa.

Foto: NRK Natur

– Eg vert jo kalla Bever-Frank, seier forskar og professor i åtferdsøkologi ved Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN), Frank Rosell med eit flir om munnen.

Beverkamera

BEVERKAMERA: Det var mykje arbeid å lage dei spesielle kamerariggane som vert senka ned i beverhyttene.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han står og kikkar ned i eit røyr ved elvebredda som leiar ned i ei beverhytte. Ut av dette røyret har akkurat han og serieskapar i NRK Natur, Odd Arne Olderbakk henta ut eit kamera som har ligge der i fleire veker.

– Det er ein del jobb, ler Olderbakk.

– Ja, men når me kjem inn i beveren sitt aller heilagaste så er det jo verdt det, kontrar Rosell.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NRK og HSN, og dei unike bileta skal brukast i ein ny TV-serie som skal gå på NRK til hausten.

– Så vidt eg veit så er det ingen som har filma på innsida av ei beverhytte i Europa, der det bur frie beverar, seier Rosell.

Frank Rosell

BEVER-FRANK: Forskar og professor i åtferdsøkologi ved Høgskulen i Søraust-Noreg, Frank Rosell, har forska på blant anna bever i fleire år.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Betre forvalting

Bileta vil ikkje berre verte god TV. Dei vil også fremme forskinga rundt arten.

– Målet er jo å finne ut når beveren før ungar, seier Rosell.

– Det vil du gjerne ha på film?

– Absolutt, det hadde vore fantastisk, seier Rosell.

Om ein finn ut nøyaktig når beveren før ungar vil det føre til betre forvalting av arten i framtida. Det vert for eksempel enklare å bestemme når ein skal drive jakt på bever.

Me må hugse at beveren på eit tidspunkt var utryddingstruga. Det var berre 60 til 100 dyr i heile Noreg, seier Rosell.

Unike bilete av bever

UNIKT: Sjå nokre av bileta som er filma i Sauherad.

Ein av fem

Når ein skal ha tak i unike bilete så treng ein unikt utstyr. Serieskaparane har verkeleg måtte grave i utstyrslageret når dei har starta på dette prosjektet.

Odd Arne Olderbakk

SERIESKAPAR: Odd Arne Olderbakk i NRK Natur er ein av dei som står bak serien.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det var ingen som selde ferdige beverkamera, så dette måtte me byggje sjølv, seier Sindre Skrede i NRK Natur. Han jobbar saman med Olderbakk på serien og har ansvaret for den tekniske biten.

Jakta på beverbilete er berre ein liten del av denne nye TV-serien.

Me følgjer fem forskarar som kvar og ein er spesialistar på sitt felt. Frank Rosell er med som ekspert på bever, seier Olderbakk.

Etter at kamerautstyret har vorte sjekka og vedlikehaldet på overflata er det no klart for å senke det ned i beverhytta igjen. Forhåpentlegvis vil dei da få fleire gode bilete, kanskje til og med ein fødsel.

– Planen er å la kameraet liggje fram til sommaren, seier Olderbakk.