NRK Meny
Normal

Vil vite om unge på aldersheim

Fylkeslegen vil ha ein oversikt over kor mange unge som har langtidsopphald på ein sjuke- eller aldersheim i Telemark.

Gulset sykehjem

Fylkeslegen meiner det ikkje alltid er ei god løysing for unge å vere i lag med eldre på sjukeheimar.

Foto: Britt Boyesen / NRK

No har alle kommunane i Telemark blitt beden om å rapportere til Fylkesmannen om kor mange unge mellom 18 og 49 år som har langtidsopphald på ein sjuke- eller aldersheim.

Det er helsedirektoratet som har bedt fylkesmennene i landet om å innhente opplysningane for å kunne forbetre tilbodet for denne gruppa.

Går vidare til politikarane

Steinar Aase

Fylkeslege Steinar Aase.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

– For unge mellom 20 og 40 år, så er det ikkje nødvendigvis ei god løysing å bli plassert på ein institusjon der det for det meste er eldre menneske, som kanskje også er demente, seier fylkeslege Steinar Aase.

Fylkeslegen seier at dei unge er i ein heilt annan livssituasjon enn dei eldre. Han har nå sendt ut brev til alle kommunane i Telemark for å hente inn informasjon om kor mange unge som over lang tid bor på aldersheim eller sjukeheim.

– Informasjonen vi samlar inn går vidare til Helsedirektoratet som vil ta den vidare til politiske styresmakter. Og vi veit at mellom anna Stortinget er veldig interessert i desse tala for å planlegge tenestene i framtida, seier Aase.

Les også:

Vil ha fokus på dei unge

– Har de så langt ein indikasjon på kor mange det handlar om?

– Det vi veit er at det på landsbasis handlar om nokre hundre menneske. Vi håpar dette vil vere med å sette fokus på denne gruppa med nokså unge, som ikkje sjølv ønskjer å vere på ein sjuke- eller aldersheim, slik at det kan finnast andre løysingar for dei, seier Aase.

Så langt er det berre tre kommunar i Telemark som har svart. Fristen er 30. mars.

Les også: Politiet bærer våpen på 17. mai

  • Kim Bøhm ansatt av Odd

    Tidligere supporterleder i Oddrane, Kim Bøhm, er ansatt av Odd. Hans oppgaver blir å bedre kjemien mellom Odd og resten av Fotball-Telemark, og jobbe i den nye Odd-butikken, det melder Varden.

  • Gode tall for Porsgrunn

    I nesten hele landet faller boligprisene, mens i Porsgrunn øker prisene parallelt med at det tar kort til og få solgt. Sist måned var det en prisøkning på 1,4 prosent. Gjennomsnittet for resten av landet viser en nedgang på 1,6 prosent melder Varden.

  • Laster Twitter-innhold
  • Øver på et en kanalbåt synker

    I dag øver nødetatene i Telemark. Det skal øves på at en kanalbåt synker. Det vil bli utrykningskjøring i og nær Ulefoss. Det kommer også til å bli brukt farget markørrøyk i øvelsen.

    Øvelse i Lunde
    Foto: Lars Tore Endresen / NRK