Hopp til innhold

Reagerer på mangelfull rapport

BAMBLE (NRK): Kommunen har brukt ein halv million kroner på å lage ein rapport om ungdomsskulestruktur, men fleire reagerer på rapporten. Dei meiner han er mangelfull.

Heidi Herum

VARAORDFØRAR: Heidi Herum er skuffa over rapporten.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

KS Konsulent har levert ein rapport om ungdomsskolestrukturen i Bamble kommune. Foreldre, lærarar, politikarar og utdanningsforbundet kritiserer rapporten for å vere mangelfull.

– Eg meiner at rapporten ikkje svarer til mandatet han har fått. Det står klart at pedagogiske og økonomiske konsekvensar av dei ulike alternativa er ein del av utgreiinga, seier Heidi Herum varaordføraren i Bamble kommune

Vanskeleg å ta ei avgjersle

Det går att i over ti av om lag 30 høyringssvar at rapporten er mangelfull og fleire trekk fram at det er vanskeleg å take ei avgjersle når ein ikkje har alle fakta i bordet.

Eit av høyringssvara startar slik:

«Herre FAU mener at rapporten [...] er så mangelfull og dårlig på mange vesentlige punkter at vi finner det
vanskelig å kunne vurdere hva som vil være den beste løsningen [...]»

Herre FAU
Katrine Bull

UTDANNINGSFORBUNDET: Katrine Bull meiner rapporten er mangelfull.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Nestleiaren i Utdanningsforbundet i Bamble, Katrine Bull, fortel at dei ikkje veit kva nokre av dei ulike alternativa kostar.

– Det er problematisk at det ikkje kjem fram kva det vil koste å gjennomføre dei fire ulike framlegga.

Forstår kritikken

Rådmannen i Bamble kommune, Tore Marthinsen, seier til NRK at styringsgruppa har gått igjennom rapporten og meiner han svarer på mandatet som vart gitt.

Tore Marthinsen

RÅDMANNEN: Tore Marthinsen seier rapporten svarer på mandatet.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

– Eg forstår kritikken, det som skjer no er at ein med utgangspunkt i rapporten vil gjere ein grundigare analyse med kostnadsoverslag både for å byggje ein ny skule, og å modernisere noverande skulebygg.

Rådmannen har i ei innstilling til kommunestyret skrive at det før eit vedtak gjennomførast eit forstudie som mellom anna skal take for seg økonomiske konsekvensar knytt til investering og drift for to av alternativa; ein skule og to skular.

Bestillingsverk

Alle dei fem ungdomsskulane har hatt grendemøte der dei har fått framlagt rapporten. Katrine Bull fortel til NRK at det på ein av desse møte var foreldre som spekulerte i om rapporten var eit bestillingsverk frå kommunen.

«Jeg stiller meg svært kritisk til rapporten utarbeidet av KS. For meg virker det som de har fått i oppdrag å utarbeide en rapport på grunnlag av
visse kriterier bestiller har satt. [ ...]» står det i eit av høyringssvara.

Bamble kommune avkreftar dette.